Nei til ferjefri E39

Ferjefri E39 tar pengar og fokus fra miljøsatsing, sjøtransport og desentraliserte arbeidsplasser, meiner Raudt i Sunnfjord.

Ferjefri E39 tar pengar og fokus fra miljøsatsing, sjøtransport og desentraliserte arbeidsplasser, meiner Raudt i Sunnfjord. Foto:

Av
DEL

LesarbrevVi i Raudt vil skrinlegge prosjektet ferjefritt E39. Det er fleire grunnar for det; ferjefri E39 er eit pengesluk av dimensjonar og konsekvensane blir ikkje berre store naturinngrep, der vi bokstavleg talt køyrer over unik natur med sjeldne artar, kulturminne frå bronse- og steinalder og viktige friluftsområde.

Pengane som skal brukast for ein ferjefri E39, kjem ikkje til å kunne brukast andre plassar kor vi treng dei meir. Det betyr nedprioritering av tiltak som trafikksikring, rassikring, trygge rekkverk og betre vegskuldrer, samt nødvendig utviding av vegbreidde på «vanlege» vegar i fylket. Der er der Raudt vil bruke pengane.

I Sogn og Fjordane sin regionale transportplan 2014–2023 kan vi lese at etter forvaltningsreforma i 2010, vart fylkeskommunen største vegeigar i fylket då vi overtok om lag 1100 km veg frå Staten. Det er om lag like mykje veg som frå Kristiansand til Trondheim. Der står det: «Utgreiingar frå Statens vegvesen viser at forfallet på fylkesvegnettet er dramatisk og kostnadsberekna til 4 mrd. kr» Jenny Følling kan kanskje opplyse korleis dette reknestykket står i dag? Det ser ut som vi har behov for pengane som ferjefri E39 kjem til å sluke.

Og om vi snakkar om hovudmålet med ein ferjefri E39, så ser det ut til å vere at reisa med bil frå Kristiansand til Trondheim skal reduserast med 11 timar. Det er ikkje mange vanleg bilistar som kjem å køyre denne strekninga berre for å spare seg 11 timar med køyretid!

Dette er først og fremt gunstig for tungtransporttrafikk, som vi i Raudt vil ha vekk frå vegane og over på båt og togtransport. Ferjefri E39 vil rasere moglegheitene for ein skikkeleg sjøtransport på Vestlandet. Denne vegen kjem berre til å auke biltrafikken og dermed auke klimagassutslepp. Det vil vi i Raudt kjempe imot.

Denne nye vegen kjem også til å auke pendlartrafikken for folk på veg til og frå jobb, frå bygda inn til dei større byane. Konsekvensane kjem med andre ord til å setje fortgang i sentralisering av arbeidsplassar og på den måte utarme i dag levande og vitale bygdesamfunn.
Vi i Raudt meiner at unødvendig person- og godstransport må reduserast med omsyn til miljøbelastning og transportkostnadar. Raudt vil kjempe for dette, gjennom eit Vestland som beheld og desentraliserer arbeidsplassar og offentlege tenester. Derfor skal vi arbeide for eit betre kollektivt trafikktilbod som motverkar den auka bruken av privatbil.

Ferjefri E39 er dårleg bruk av ressursar som kjem til å ha negative konsekvensar for fylket, desentraliserte arbeidsplassar og miljø og kjem til å stå i vegen for den nødvendige miljøomstillinga vi står framfor.

Vi vil ikkje ha svelefri E39!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags