Er Trump galen?

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevDet er ikkje lett å svare på – både fordi eg ikkje er lege/psykiater og fordi diagnosen ”galen” er upresis.

Men det er interessant å sjå at mange tidlegare USA-toppar (inkl. CIA-folk) karakteriserte president Trump som ein forrædar etter møtet han hadde med president Putin. Bakgrunnen var at Trump kom ut frå møtet utan dei vanlege hatske ytringane mot andre – inkl. sin russiske kollega.

Men konflikten er likevel tydeleg; amerikanske og russiske militærstyrkar står no på kvar si side mot kvarande i Syria og Ukraina. Også i Aust-Europa elles, står Russland og USA stadig meir mot kvarandre etter kvart som USA utvidar sin dominans.

Fast stasjonering av amerikanske styrkar på norsk jord, er dessverre også ein del av USA si framrykking. Stasjoneringa er i strid med baseerklæringa som låg til grunn for norsk NATO-medlemskap.

USA og Russland har i dag visst nok 90 % av alle atomvåpen i verda, og då bør det vere av det gode at Trump kjem smilande, og ikkje fordømmande, ut frå møtet med Putin. Det har aldri vore statsleiarar som smiler til kvarandre eller skjeller kvarandre ut som utløyser ein krig.

Det er derimot ikkje minst kampen om naturressursar som utløyser krig. I dag er det i stor grad kampen om olje og gass som styrer utviklinga i verda. Denne kampen har allereie utløyst krigar og kan utløyse ein større krig – kanskje verdskrig.

Den føreståande NATO-øvinga i Noreg gjev grunn til uro for om Noreg kan halde seg utafor konflikten mellom USA og Russland om herredømet i Europa.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags