NAF: Treng vi parkeringsregulering i Førde sentrum?

P-ORDNING? Bente Thorsen og Leif Bell i NAF avd. Fjordane og Ytre Sogn spør om det er tid for å vurdere ei parkeringsordning i Førde.

P-ORDNING? Bente Thorsen og Leif Bell i NAF avd. Fjordane og Ytre Sogn spør om det er tid for å vurdere ei parkeringsordning i Førde. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI ulike politiske debattar har spørsmålet om parkeringsplassar og parkeringsavgift i Førde sentrum dukka opp. Vårt inntrykk er at det er Førde kommune som med jamne mellomrom reiser denne problemstillinga. No har vi forstått det slik at diskusjonen om parkeringsavgift ligg litt nede så lenge det vert kravd inn bompengar i Førdepakken, men temaet parkeringsplassar dukka opp att i haust seinast i samband med handsaming av sentrumsstrategien for Førde.

Vi i NAF har lenge ønskt å sette fokus på utfordringar og mogelegheiter rundt parkering i sentrum og inviterte til ope parkeringsmøte i Førdehuset måndag 12. november. Her hadde vi også med oss Lars Monsen frå Norpark (Norpark er bransjeforeininga for all parkeringsrelatert verksemd i Noreg, både i kommunal og privat regi). Dessverre kom annonsen vår vekk i Firda og møtet synte seg også å kollidere med møte om storhall i Førde, men trass dette er vi godt nøgde med at tre bystyrerepresentantar frå tre ulike parti, ein representant frå Førde Industri- og Næringssamskipnad, næringsdrivande, pendlarar og fastbuande møtte opp.

I forkant av møtet hadde vi ei synfaring saman med representanten frå Norpark, der vi var innom parkeringsområde ved Brulandsvellene, sjukehuset, Førdehuset, Festplassen, Amfi, Elvegården/Førde Torg og sentrum sør. Inntrykka etter denne synfaringa er at Førde har enorme parkeringsareal og det er god plass dei aller fleste stadene, kanskje med unntak av sentrum sør og ved sjukehuset. Det er også mange grunneigarar som eig parkeringsareal. Førde kommune eig i liten grad parkeringsområde sjølve. Spørsmålet som då gjerne reiser seg er i kva grad Førde kommune har høve til å innføre parkeringsavgift på private parkeringsområde, og det enkle svaret på dette er at det kan dei ikkje. Kommunen har høve til å regulere parkering langs veg, og ved utbyggingar kan kommunen også krevje at utbyggar er med og finansierer infrastruktur (også parkering). Slik sett vil det altså vere grunneigar sjølv som ser behovet for parkeringsregulering.

Når skal ein så begynne å regulere? Når det er semje om at fordelane ved regulering og handheving er større enn ulempene. Parkering er eit gode, og det er ikkje gratis å byggje eller vedlikehalde parkeringsplassar. For Førde sentrum må ein då gjere ei avveging mellom tilgjenge for dei handlande og innføring av parkeringsavgift. Det som det syntest å vere brei semje om i møtet, er at dei store parkeringsareala på bakkeplan ikkje akkurat er forskjønnande for sentrum, og det er eit ynskje og behov i sentrumsstrategien å få meir av parkeringa vekk frå gateplan og over i parkeringshus eller under bakken.

I Førde sentrum er vi godt vande med å kunne parkere like ved døra. Fleire som var på møtet fortalde at dei gjerne handlar i Elvegården eller Førde Torg, for så å flytte bilen for å handle på Amfi. Kanskje handlar det meir om ein parkerings ukultur enn ein parkeringskultur i sentrum? Kan ein «oppdra» bilistar til gode parkeringsvanar utan bruk av gebyr? I dag vert også mykje av parkeringsarealet i sentrum på dagtid bunde opp av folk som jobbar i sentrum. I den grad det er behov for ei parkeringsregulering, er dette særleg aktuelt når det gjeld langtidsparkering. Slik parkering bør ein prøve å lokalisere meir i utkanten av handelsområda.

Den klare bodskapen frå Norpark dersom det er aktuelt å innføre parkeringsregulering og parkeringsavgift er avtale med færrast mogeleg parkeringsselskap, slik at forvirringa for bilistane ikkje vert total. Samstundes bør det leggast meir vekt på ny teknologi enn bøter når ein skal velje parkeringsselskap. Tida med parkeringsvakter om er spesielt ivrige i tenesta er forhåpentlegvis forbi. Med ny teknologi er det mogeleg for bilisten å ha kontroll med parkeringstida, og på den måten oppnår ein den parkeringsreguleringa ein i utgangspunktet ynskjer utan bruk av bøter.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags