Politikarar – korleis vågar de?

Arne Ueland

Arne Ueland

Av
DEL

LesarbrevTil politikarar og ansvarlege tenesteytarar i kommunar.
De snakkar om pengar og fabulerar om evig økonomisk vekst - og at dette skal løyse alle «problem».

Korleis vågar de å halde fram på dette vis - når de ikkje eingong maktar å syne handlekraft, og gjere politiske vedtak som fremjar ein trygg og føreseieleg kvardag for våre mange alderssvekka eldre og demente i institusjon - og deira pårørande?
Korleis kan dette ha seg?

Dette er dei same eldre hjelptrengande, og som i staden for å få dekka grunnleggjande behov i kvardagen - vert oppfordra til å gjere frå seg i bleier som dei har i sine bukser. Korleis vågar de å tillate slik framferd?

Trass fine ord i valprogram er det framleis fleire av dei svakaste av dei svake på institusjon i fleire kommunar – og som i staden for ei kommunal tenesteyting i samsvar med menneskerettar – får tilbod om omsorgssvikt. Korleis vågar de?

Korleis kan det ha seg at leiarar, personale i institusjonane og fagrørsla let vere å ikkje stå på barrikadane – for sikre rett prioritering og fremje vedtak som gjer at kommunen kan tilby ei tenesteyting i samsvar med forskrifter, lovverk, fagetiske retningsliner og menneskerettar? Korleis vågar de å la vere?

Denne gruppa eldre hjelptrengande er dei same personane som rydda og bygde landet, bidrog til arbeidsplassar, bidrog til økonomisk tryggleik for «mannen i gata», arbeidde for rettferd og sosial utjamning mellom bygd og by. Gav dykk kjærleik og gav omsorg til born. Korleis vågar de å ikkje handle?

Dette er dei same personane som har synt varig trugskap til arbeidarrørsla og fagrørsla i det meste av si levetid, er æresmedlemmer i lag og organisasjonar. Det er desse som no i fleire kommunar ikkje får dekka sine grunnleggjande behov i institusjon - og som ikkje får sine menneskerettar eller rettstryggleik teken i vare. Korleis vågar de å halde fram med slike svik?

Og til dykk der ute i gatene, i arbeidslivet og framom nyhendeskjermar i eiga stove. Korleis kan det ha seg at de vel tagnad, framom å rope høgt ut – nok er nok? Korleis vågar de å la vere?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags