Nynorsk på blå resept

Av
DEL

MeiningarEi regjering utan omsorg for heile det norske språket kan aldri vere ei regjering for heile Noreg.

No på nyåret kjem det truleg til å stå ei utvida Solberg-regjering på Slottsplassen, med ei blodfersk politisk plattform i handa. Ho må innehalde meir nynorskvenleg politikk enn Venstre sikra på Jeløya. Noregs Mållag har fem hovudkrav som den nye regjeringa kan klippe og lime rett inn i plattforma på sin politiske førjulsverkstad.

Det første Høgre, Framstegspartiet, Venstre og KrF bør einast om er at dei skal verne og styrkje norsk språk generelt og nynorsk spesielt. Som det minst brukte språket treng nynorsken særlege tiltak for å sikre ei reell jamstelling. Det bør ikkje koste nokon i forhandlingsrommet ein kalori.

Sidemålsordninga må sikrast og styrkjast. Ho må ta til på mellomtrinnet, halvårskarakteren i sidemål må ligge fast heile skuleløpet og det må vere eigen standpunktkarakter og avsluttande eksamen i den vidaregåande skulen. Det er ei offentleg oppgåve å setje elevane i stand til å meistre heile det norske språket. Det er ikkje tilfelle i dag. Løysinga er sjølvsagt ikkje populisme om falsk valfridom, men ei styrkt språkopplæring.

Elevane må få nynorske digitale læremiddel. I dag fløymer det over med bokmål sjølv i dei mest nynorske klasseromma i Noreg. Det er alvorleg. Nynorskelevar ser allereie for lite nynorsk rundt seg i sine bokmålsdominerte kvardagar.

Nye norske må få lære nynorsk. Læremiddel for vaksne innvandrarar må kome på same tid og pris på bokmål og nynorsk, og elevar i norsk skule burde ha rett til opplæring på eige språk ut heile grunnskulen.

Reint politisk har det vore relativt gode år for nynorsken sidan Erna Solberg blei statsminister. Mykje takka vere Venstre og KrF. Men noko har skjedd også i dei blå partia.

Det går lenger tid mellom kvar gong Høgre eller FrP tar til orde for å svekkje vilkåra for nynorsken. Sidemålsordninga blir trygt administrert av ein Høgre-statsråd. Unge Høgre gjekk inn for nynorsk i Vestlandsregionen. Aldri igjen vil ein stortingskandidat brenne den «den spynorske mordlista».

Dagens regjering er nynorskvenleg, anten dei likar det eller ikkje. Med KrF med på laget må vi få den mest nynorskvenlege Høgre-leia regjeringa nokon sinne. Når Noregs Mållag les Solberg si nye regjeringsplattform ventar vi å kunne slå fast at sjølv Høgre har kome – um enn inkje so braadt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags