– Vestland kan bli fossilfritt først i Noreg

FOSSILFRITT: Venstre trur ein ny og større region på Vestlandet kan ha musklane dagens fylkeskommunar ikkje har for å ta det store spranget over i ei fossilfri framtid, skriv artikkelforfattarane Gunhild Berge Stang og Alfred Verlo i denne artikkelen.

FOSSILFRITT: Venstre trur ein ny og større region på Vestlandet kan ha musklane dagens fylkeskommunar ikkje har for å ta det store spranget over i ei fossilfri framtid, skriv artikkelforfattarane Gunhild Berge Stang og Alfred Verlo i denne artikkelen. Foto:

Av
DEL

Debatt

Helene Frihammer, leiar i Klimapartnere Vestland, kom nyleg med ei utfordring til alle politikarar som stiller til val i Vestland i 2019: Kan Vestland setje seg mål om å bli fossilfritt innan 2030 – som den fyrste regionen i Noreg?

Vi og Venstre i Vestland er villige til å ta utfordringa. Vi trur det er mogleg, og at Vestland kan bli fossilfritt først i Noreg. Hovudårsaka til det, er tempoet og trykket næringslivet på Vestlandet no set inn i grøn omstilling. Små og store bedrifter i by og bygd finn nær sagt månad for månad nye, betre, grønare løysingar som fører oss nærare målet om eit fossilfritt samfunn.

Helene Frihammer teiknar sjølv opp eit «vegkart» i fire punkt for at kommunar og fylke i Vestland kan bli fossilfrie i 2030: Fossilfri energi, fossilfri transport, fossilfrie hamner/maritim sektor og grøne nærings-moglegheiter.

På alle desse punkta er det etter Venstre sitt syn råd å kome i mål til 2030.

Innanfor energi har til dømes Eid kommune synt at ein med å varme opp bygg med vatn frå fjorden (Fjordvarme), kan oppnå rein og billeg oppvarming skreddarsydd naturen på Vestlandet. Det er også i åra framover fullt mogleg å bygge med passiv-husstandard og investere i solcellepanel og andre former for lokal energilast med god lønsemd for eksisterande bygg – dersom politisk vilje lokalt er til stades. Vestland fylke kan som byggherre syne veg, og gjere alle fylkeskommunale bygg klimanøytrale i god tid før 2030.

I transportsektoren går utviklinga mot fossilfrie løysingar i eit enormt tempo. Heile ferjeflåten vil vere bytt ut til nullutslepps-ferjer før 2030. Nyleg annonserte Widerøe at dei framskundar sine planar om å få kortbanenettet over på elektriske fly frå 2040 til 2030. Utskiftinga av bilparken pågår for fullt. No gjenstår snart berre «klimaversting nr. 1» innan transport i Vestland: Hurtigbåtane. Venstre vil gjere det vi kan for å få på plass krav om nullutslepps-løysingar også her.

Venstre har vore ein pådrivar for å få auka dei statlege løyvingane til utvikling av ny, klimavenleg transport til sjøs og hamner med ladeinfrastruktur. No kjem dei fyrste hamnene med landstraum også i Vestland. Med nye strenge miljøkrav til cruisetrafikken og rivande teknologisk utvikling på alle typar skip, ligg alt til rette for at sjøtransporten på Vestlandet både aukar og blir fossilfri.

Venstre trur ein ny og større region på Vestlandet kan ha musklane dagens fylkeskommunar ikkje har for å ta det store spranget over i ei fossilfri framtid. Eit «Fossilfritt Vestland» er eit perfekt felles dugnadsprosjekt der både storby og distrikt kan spele på lag – og ha ei rolle i å nå felles mål.

Samtidig treng vi at staten stiller opp og backar oss på vegen. Når Noreg har leia an globalt i overgang til elbil, er det fordi staten har prioritert det over statsbudsjettet og sett bilkjøparane i stand til å gjere klima-rette val. Det same spleiselaget må staten vere med på for å gjere Vestland fossilfritt.

Venstre har leia an i norsk miljøkamp i 50 år. Å bryte ny veg i miljøpolitikken har tradisjonelt vore ein seig kamp mot dei store, etablerte partia på raud og blå side av politikken – Ap og Høgre.

No er verda i ferd med å endre seg. Næringslivet og ungdommen er no like utolmodige i å krevje ein raskare veg mot ei fossilfri framtid – det er opp til oss politikarane å henge med i svingane. Der vil vi vere. Venstre vil gjere reisa fram mot eit fossilfritt Vestland til sak nr. 1 for eit nytt, grønt Fylkesting hausten 2019.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags