Power to the people

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevEin kan no lese på NRK Sogn og Fjordane at sjølv om Sogn og Fjordane har dei høgste nettleigeprisane i landet så kan dei no bli endå dyrare.

Vi, straumabonnentane i Sogn og Fjordane, betalar den dyraste nettleiga i heile landet. Ikkje nok med det; det kan bli endå dyrare, i følgje NRK Sogn og Fjordane.

At vi her i fylket, der krafta blir produsert, i alle år har betalt langt meir i nettleige enn dei gjer på det sentrale Austlandet, er heller ikkje noko nytt. Det har vore slik under dei raudgrøne, under tidlegare AP-regjeringar og under lyseblå regjeringar. Enkelte år har det skjedd utjamningar, men ikkje noko som har monna.

Vekslande regjeringar har på dette området såleis praktisert rein FrP-politikk. Olje- og energiminister Terje Søviknes frå FrP seier til NRK Sogn og Fjordane at “Stortinget har sagt at nettleige skal syne att i kostnaden dei ulike kraftselskapa har med å få fram straumen til forbrukarane. Derfor blir det ulikt i ulike delar av landet, men sånn må det vera i eit system som skal vera sjølvfinansiert”.

Raudt ønskjer det motsette av Framstegspartiet som vil tvihalde på urettferda. Vi ønskjer å endre systemet. Og vi er slett ikkje fornøgde med fylkesordførar Jenny Følling (Sp) si flikking og pratet om «tilnærma lik pris i heile landet». Raudt vil ta bort heile nettleigebetalinga, slik at ein berre må betale for sjølve straumforbruket.

Vi ser på kraftforsyning til private heimar, kraftkrevjande industri og andre arbeidsplassar som ein nødvendig del av infrastrukturen i samfunnet. Raudt vil innføre eit nasjonalt toprissystem for straumleveransar til private heimar, med rimeleg straum til basisforbruk og dyr straum til overforbruk.

Raudt vil også ha tilbake industripolitiske kraftavtalar som vil gje norsk aluminiums- og smelteindustri utvidingsmoglegheiter og vinnarsjansar i konkurranse med tilsvarande bedrifter i utlandet som er langt meir miljøøydeleggjande. Fleire tillitsvalde i industrien på Vestlandet sa nyleg til nettstaden frifagbevegelse.no at statsminister Solberg og resten av regjeringa har svikta dei arbeidslause. Det har dei heilt rett i.

Vi har som private straumbrukarar felles interesser med dei som kjempar for arbeidsplassane sine. Dette krev ein annan politikk enn den mørkeblå. Raudt meiner at det må stillast krav til AP. Det er ikkje godt nok med ein politikk som ikkje er fullt så dårleg som dei mørkeblå sin. AP må leggje om til ein heilt annan politikk. Vil dei, eller er EØS-avtalen viktigare enn arbeidarklassen sine interesser?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags