Derfor stiller eg til val for eit parti som ikkje kompromissar i klimasaka

Sigrid Aanestad Moltumyr er leiar i Grøn Ungdom Sunnfjord og andrekandidat for MDG i Fjaler, Dale i Sunnfjord

Sigrid Aanestad Moltumyr er leiar i Grøn Ungdom Sunnfjord og andrekandidat for MDG i Fjaler, Dale i Sunnfjord Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
Erna Solberg si regjering gjer ikkje nok for å overvinne klimaendringane. Vi har 11 år på oss til å halvere dei norske utsleppa. Derfor stiller eg til val for eit parti som ikkje kompromissar i klimasaka.

Vi som samfunn må gjere meir av det som er bra for klimaet. Det krev at politikarane legg til rette for at du og eg skal ta grønare val i kvardagen. I tillegg må staten sørge for å kutte i dei unødvendige utsleppskjeldene, sjølv om det er upopulært. Her sviktar dei andre partia. Vi som er unge i dag har ikkje råd til endå eit år utan kutt i norske klimagassutslepp.

Cruiseturismen er eit eksempel på kor utsleppa er store og unødvendige. Vi har ikkje tid til å vente på at næringa sjølv skal kutte utslepp. Dei andre partia meiner at landstraum for cruisenæringa langt fram i tid er eit bra klimatiltak. Dei Grøne vil forby cruise tilgjenge til fjordane. I staden for vil vi satse på turisme som er berekraftig, og gjere det mogleg for dei neste generasjonane å hauste av ressursane våre.

I dette lokalvalet kan du velje å stemme på ei betre framtid, med reinare hav, meir fruktbar jord, grøne skogar og stabile, berekraftige samfunn. Du kan stemme på ein meir rettferdig verd, der norske utslepp går ned, færre blir drevet på flukt og der fleire kan leve gode og trygge liv. Eg stiller til val for eit parti som tørr å gå for dei nødvendige kutta.

Stem på eit parti som tar ansvar for framtida – stem Miljøpartiet Dei Grønne.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags