Lei og oppgitt over nye kuttforslag

HØGE KOSTNADER: Barnefamiliar, born og unge opplever omfattande vanskar og høge kostnader forbunde med å unngå gluten og samstundes leve eit så normalt liv som mogeleg, skriv artikkelforfattaren.

HØGE KOSTNADER: Barnefamiliar, born og unge opplever omfattande vanskar og høge kostnader forbunde med å unngå gluten og samstundes leve eit så normalt liv som mogeleg, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
«Dette er krenking» sa vår 10 år gamle dotter til meg i fjor då ho høyrde at stønaden ho og broren får frå NAV fordi dei har cøliaki, kjem til å bli monaleg redusert. Kva seier ho i år når ho høyrer at stønaden skal kuttast endå ein gong? Som mor og som leiar av Norsk Cøliakiforening (NCF) Sogn og Fjordane kjente eg at eg blei både lei meg og oppgitt, både på vegner av borna mine og alle medlemane våre, då eg høyrde at det på nytt ligg inne forslag om kutt i stønaden i statsbudsjettet. Vi kjempa ein hard kamp for å behalde støtta vår i fjor, og fekk ein mindre reduksjon ein det som først var foreslått. Men så kjem altså forslaget i år om ytterlegare kutt….

Konkret dreiar det seg om at den månadlege grunnstønaden medlemane våre får grunna fordyra kosthald, nok ein gong vert redusert. I 2019 vart støtta redusert med kr 7788 for dei mellom 5-30 år og kr 11.688 for andre. I forslag til statsbudsjett for 2020 er det foreslått kutt i støtta på kr 3900 for dei mellom 5- 30 år og kr 4332 for andre. Totalt utgjer dette henhaldsvis kutt i støtta på kr. 11.688 og kr 16.020 over 2 år! Regjeringa grunngjev dette nok ein gong med at utvalet av glutenfri mat er blitt betre og at prisen på produkta er blitt lågare. Dei legg til grunn ein SIFO-rapport som NCF i fjor grundig dokumenterte hadde mange feil og manglar.

Det er nesten så vi føler oss lurt: «Vi reduserer litt mindre i 2019, men så tar vi heller heile kuttet i 2020» For kva har skjedd frå 2019 til 2020 som kan forklare at dei på nytt foreslår å redusere støtta? Ingenting, spør du meg – eller om du spør nokon andre som lev eit glutenfritt liv! Utvalet av glutenfrie produkt vert stadig betre, ja – men på lik linje med at vi også får større utval i andre matvarer. Er det blitt billegare å leve eit glutenfritt liv? La oss ta nokre eksempel:

På Spar nettbutikk kostar glutenfrie pølsebrød kr 222,69 per kg (berre eitt alternativ), medan vanlege pølsebrød kan du få frå kr 19,14 per kg til dei dyraste til kr 138,61 per kg (mange alternativ). Sidan i fjor har prisen på dei glutenfrie pølsebrøda vore det same, medan dei billegaste hjå Spar har gått ned med 7 kr. Ein glutenfri grandiosa kostar kr 116,47 per kg, medan ein vanleg grandiosa kostar kr 78,09 per kg. Den glutenfrie pizza’en har rett nok blitt 2 kr billegare enn i fjor, men til gjengjeld har den vanlege grandiosaen blitt over 3 kr billegare! Eit vanleg kneippbrød (det billegaste) kostar 10,53 per kg, medan eit glutenfritt kneippbrød kostar 133,80 per kg. Glutenfri mat er medisinen for dei med cøliaki og glutenintoleranse, så dette er ikkje noko vi kan velje vekk – ei heller har vi som oftast ikkje fleire variantar å velje mellom slik at vi kan kjøpe det billegaste alternativet.

Førde Helsetun, sjukeheim, Liv Janne Bell Jonstad

Førde Helsetun, sjukeheim, Liv Janne Bell Jonstad Foto:

I starten av oktober var det kanelbollens dag og det vart reklamert for ferske, store kanebollar til 10 kr. Som cøliaker er du heldig om du bur ein plass der du i det heile kan få kjøpt ferske kanelbollar! Skal du kjøpe frosne kanelbollar, er også der prisskilnaden ganske stor. På Kolonial.no får du glutenfrie kanelbollar til 275 kr per kg, medan dei vanlege frosne kanelbollane kostar 86 kr per kg. Tilsvarande kan eg nemne at 2 frosne skulebollar kostar ca. 80 kr på butikkar som REMA 1000. No er jo ikkje bollar noko ein skal unne seg på eit SIFO-budsjett, men så det ikkje slik kvardagen for dei fleste er. Korleis skal du forklare eit barn at dei ikkje får kanelbolle eller skulebolle fordi det er for dyrt?

Barnefamiliar, born og unge opplever omfattande vanskar og høge kostnader forbunde med å unngå gluten og samstundes leve eit så normalt liv som mogeleg, med alle dei aktivitetar som born og unge ynskjer og treng å delta i. Ytterlegare reduksjon i grunnstønaden medfører at våre medlemar vil oppleve dette som endå meir belastande!
I følgje diskriminerings- og tilgjengelighetslova har born med cøliaki krav på eit tilsvarande tilbod som alle andre. SIFO-budsjettet legg til grunn at eit barn eller ein ungdom et 20 brødskiver i løpet av ei veke. Er dette nok når vi veit at dei gjerne et brødskiver både til frukost, lunsj og gjerne kveldsmat? Sonen vår på 9 år har til dømes med seg 3-4 skiver til lunsj på skulen. På 5 skuledagar utgjer berre lunsjen heile vekerasjonen i brød! Kva vilkår skapar det for læring dersom borna og ungdomane skal gå rundt og vere svoltne?

Det er endå vanskelegare for ungdom å leve eit strengt glutenfritt kosthald samanlikna med andre. Å bli invitert ut på pizza med vener når du ikkje kan dele pizza med dei andre, men må bestille eigen pizza som kostar dobbelt så mykje, kan følast tungt. Viss det er økonomiske hinder for dei i tillegg, er det endå tyngre for ein ungdom å leve glutenfritt!
I fjor hadde NCF Sogn og Fjordane med seg NRK på handlerunde. Vi inviterer gjerne med både dei, våre stortings- og fylkestingspolitikarar og ordførarar frå regjeringspartia på ny handlerunde der vi kan samanlikne prisane mellom ei glutenfri handlekorg og ein vanleg handlekorg. Handlekorga skal innehalde mat som born og ungdom vanlegvis et, dvs. brød, pølsebrød, tortillalefser, pizza, spaghetti, knekkebrød, m.m. Kva vert prisskilnaden på desse to handlekorgene? Då vil de kanskje skjøne kvifor vi på nytt går til kamp mot ytterlegare reduksjon i grunnstønaden vår!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags