Ros til LO sin sommarpatrulje

Av
DEL

LesarbrevI desse dagar driv LO med informasjonsarbeid om rettar arbeidslivet overfor unge lønnsmottakarar rundt omkring i heile Noreg, samt sjekkar om det er brot på lov- og avtaleverket på arbeidsplassane. Til nettavisa Porten.no seier noverande ungdomssekretær i LO Sogn og Fjordane, Sindre Hornnes, at LO sin sommarpatrulje er det viktigaste arbeidet som LO gjer i løpet av sommaren. Det har han nok rett i.

Sommarpatruljen sitt arbeid vert ekstra viktig no som regjeringa har gått til det skadelege skrittet å fjerne arbeidslivet som eit av kjerneelementa i framlegget til ny læreplan for dei vidaregåande skulane.

Raudt likar ikkje at færre vel å fagorganisere seg enn tidlegare. Dette er ei uheldig utvikling som det er nødvendig å få snudd. Fagrørsla er ein særs viktig folkerørsle. Arbeidsfolk treng å stå saman for sosiale og faglege rettar i arbeidslivet, og vi treng ei sterkare fagrørsle. Det er difor Raudt på Stortinget gjekk inn for å auke skattefrådraget for betalt fagforeiningskontingent i Raudt sitt alternative framlegg til statsbudsjett for 2019.

Ser vi på land med lågare grad av fagorganisering enn Noreg, så kan vi òg sjå at dei har meir fattigdom, fleire alvorlege arbeidsulykker, meir korrupsjon og større sosiale skilnadar. Dei positive ringverknadane av ei sterk fagrørsle er mange. Difor vil Raudt oppmode alle som er i jobb til å fagorganisere seg.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags