Ny giv i landbruket

Av
Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

(Foto: )

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

MeiningarDet norske landbruket er viktig for å sikre matproduksjon og busetnad over heile landet. Sogn og Fjordane er eit viktig landbruksfylke, med sine særeigne føresetnader mellom fjord og fjell. Det tradisjonelle familielandbruket er framleis berande i fylket. Samstundes er det spanande å følge med på innovasjonen mange bønder står for, spesielt innan robotteknologi, lokalmat og frukt, grønsaker og bær.

Landbruket er stadig i endring og omstilling. Automatisering, betre teknikkar, endring av type produksjon og tilpassing til endra marknad er bonden sin kvardag. Få har vore meir endringsvillige enn nettopp bonden dei siste tiåra. Den neste store endringa handlar om klimatilpassing. Eg er trygg på at den norske bonden også her vil vere like omstillingsdyktig. Det er oppløftande å sjå leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, som deler filmar av batteritraktorar på Facebook, tar til orde for at gardane skal utvikle eigne energikjelder som solcelle, biogass, vindmøller og kraftverk, og skriv at «dette skal vi få til». Landbruket har store klimagassutslepp, men har også store moglegheiter til å få ned desse utsleppa. Det får vi til med ei framoverlent haldning, og framoverlent politikk.

For å gjere bonden i stand til å halde fram med å utvikle og omstille seg, sikra Venstre og KrF i budsjettforhandlingane både ei reversering av regjeringa sitt forslag om å avvikle skattefritaket for investeringstilskot i distrikta, og sørga for ei støtte på 20 millionar til Norges Bondelag for å kunne drive klimarådgjeving av bønder.

Tett før jul la landbruksminister Jon Georg Dale fram ei stortingsmelding om landbruket. I meldinga understrekar regjeringa at norsk matproduksjon skal auke og bli meir effektiv, og at jordbruket må få høve til å omstille seg. Regjeringa vil sikre god kvalitet, trygg mat, dyrevelferd og utmarksressursar. I meldinga tek regjeringa også til orde for at det samla klimagassutsleppet frå jordbruket må reduserast, og vil ha meir konkurranse og marknadsretting av matproduksjonen.

I arbeidet med stortingsmeldinga vil Venstre legge vekt på at landbrukspolitikken skal sikre gode moglegheiter for bønder over heile landet. Vi vil legge vekt på dei geografiske forskjellane, ta vare på kulturlandskap og på å få ei berekraftig forvaltning av naturressursane. Vi vil gjere det lønsamt å utnytte areal til fôrproduksjon gjennom beiting eller grasproduksjon, slik at ikkje får ein unødvendig høg bruk av kraftfor.

Eg trur det kan vere lurt å sjå nærare på den sveitsiske modellen for landbruksstøtte for å vurdere om denne kan passe til norske forhold. Her har styresmaktene funne ein god balanse mellom støtte til konvensjonelt landbruk og til skjøtsel av kulturlandskapet, samt gode insitament for lokalmat og nisjeproduksjon.

Etterspurnaden etter både lokalmat og økologisk mat er aukande. Venstre ønsker gode rammevilkår for økologisk produksjonen, og er usamd med regjeringa som vil fjerne målet om at minst 15 % av norsk matproduksjon skal vere økologisk. Forsking og utvikling innanfor økologisk produksjon gir også nyttige lærdommar for konvensjonell produksjon, mellom anna for å redusere bruken av sprøytemiddel og sikre betre dyrevelferd. Å utvikle denne kunnskapen er ein av grunnane til at Venstre gjekk i bresjen for å sikre ei opprusting av Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland, med si økologiske landsline.

Skal vi ruste norsk landbruk for framtida må vi gjere det attraktivt for ungdommen å kunne ta over og skape seg gode arbeidsplassar. Interessa for eit yrke blir gjerne pirra i ung alder, og arbeidet med rekruttering til naturbruksnæringane og næringsmiddelfaga må styrkast og starte tidleg. Her spelar både frivillige organisasjonar som 4H, Bygdeungdomslaget, Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget, ei viktig rolle ved å vise fram moglegheitene og gjennom arbeidet med å spreie kunnskap om norsk mat og matproduksjon.

Det nærmar seg jul. Send gjerne ein vennleg tanke til bonden når du set deg til bordet for å nyte god julemat. Tenk på bonden når du et sylteflesk og lammerull på skiva, og når du et pinnekjøt med mandelpotet, surkål og kålrabi. Nokon har gjort ein viktig jobb før maten kjem på bordet. Og den jobben skal vi sette pris på og legge til rette for også i framtida.

Artikkeltags