Tidleg buss til Bergen

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Tidlegare var det buss frå Førde/Sogn som gjekk E39 til Bergen, og ein kunne vere der i tide til møtestart kring klokka 10.00. Den bussen er no teken bort.

Vi er klar over at dette var ei kommersiell rute, og at fylket dermed ikkje hadde noko med ho å gjere. Vi registrerer engasjementet fylket har for å halde oppe flyruta frå Bringeland til Bergen, og er einig i det. Men det er minst like viktig at fylket engasjerer seg med å få tilbake ein tidleg bussavgang.

Vi ber om at fylkeskommunen, gjerne saman med Hordaland, tar grep for at ei slik rute vert oppretta, og om naudsynt, vurderer rutekjøp. Ei slik bussrute vil vere viktig for både private, jobbreiser og for å binde saman det nye fylket med offentleg kommunikasjon.

Det vil vere eit grep for å få ned klimautslepp frå trafikken og gje eit viktig tilbod til dei som ikkje sjølve køyrer bil.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags