«KrF og Trude er landets klart beste når det gjeld familiepolitikk, men i innvandringspolitikken sviktar dei totalt»

Trude Brosvik.

Trude Brosvik. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.I Firda sin leiar fredag 24. august kunne vi lese at Trude Brosvik ikkje vil at KrF skal gå inn i regjering med Frp. Grunnen til denne haldninga er vel ganske klar. Frp arbeider for ein strengare og kontrollert innvandringspolitikk, og det fell nok Trude tungt for brystet.

Inntrykket er at ho og dei fleste i KrF trur at alle som kjem til Norge, er stakkarar som har flykta for å berge liv og helse. Første gong dette inntrykket festa seg, var på slutten av 1980-talet. I mitt første lesarinnlegg i Firda, skreiv eg eit skeptisk innlegg om den store innvandringa som då starta. (Norge var blitt ein attraktiv oljenasjon!) Det vart avslørt at tusenvis av pakistanarar og tamilar kom til Norge som falske asylsøkjarar. Mellom anna var det «reisebyrå» på Sri Lanka som selde falske identitetspapir og billettar for ei reise til Norge. Trude kom med eit pent motinnlegg til det eg skreiv, der ho forsvarte dei som kom.

For nokre år sidan gjekk ho i spissen for å få bygd moske i Førde. Eit frieri til muslimane, på same vis som det tidlegare Krf-statsminister Kjell Magne Bondevik presterte. Kamp mot framandfrykt var ei av hans viktigaste målsetjingar. Den kampsaka vert no ført vidare av Trude. Snakk om å sage av greina ein sit på. Trude Brosvik sin Frp-fobi, kan i verste fall føre til at KrF er med på å bane veg for ei Ap-regjering, der partia Raudt og SV kan bli avgjerande støttespelarar, og få ein vippeposisjon på same vis som KrF har i dag. Dette kan igjen føre til eit samanbrot for det norske kristne samfunnet, og ei rasering av velferdsstaten Norge. Frp kjempar for å ta vare på desse verdiane. Raudt og SV har vel aldri kjempa for kristne verdiar.

La ikkje snillismen ta vekk fokuset frå verkelegheita Trude. Utviklinga vi har sett i Oslo i mange år er skremmande. KrF og Trude er landets klart beste når det gjeld familiepolitikk, men i innvandringspolitikken sviktar dei totalt. Vi må ta vare på det Norge vi har fått gleda av å vekse opp i, og ikkje risikerer å gje våre etterkomarar eit kaossamfunn.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags