Krafta er vår!

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Raudt seier eit klart nei til EU sin energiunion, ACER. Vi vil også stille krav om at saka blir behandla etter §115 når ho kjem opp til stortingsbehandling i mars.

Regjeringa ynskjer å innføre EU sin tredje energimarknadspakke i EØS. Dette inneber at EU sitt energibyrå, ACER, vil diktere norsk kraftpolitikk. Likevel kallar regjeringa forslaget «lite inngripende».

For å administrere dette vil regjeringa opprette Reguleringsmyndighet for energi (RME). RME vil bli diktert frå EU/ACER gjennom ESA, og kan ikkje ta nasjonale omsyn.

Energiminister Søviknes hevdar at vi framleis vil ha full nasjonal kontroll over energiressursane våre, men må innrømme at ACER avgjer viss andre EU-land ikkje er samde med oss. Mange av dei fremste juristane i landet, hevdar ar dette er å gje avkall på nasjonal kontroll.

Oppretting av RME og tilslutting til ACER, vil ut frå dette vere ei klar avståing av nasjonal suverenitet. Slike saker skal behandlast etter Grunnlova sin paragraf 115, som krev ¾ fleirtal i Stortinget.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags