Vi er i rute med Sunnfjord kommune

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevEtablering av Sunnfjord kommune er i rute, og stemninga er god, optimistisk og konstruktiv i alle delar av arbeidet som går føre seg. På det politiske plan har fellesnemnda (det mellombelse «kommunestyret» i den nye kommunen) månadlege møte, og alle arbeidsprosessar og vedtak går etter planen. Det er oppretta politiske arbeidsgrupper som skal arbeide med den politiske organiseringa i den nye kommunen, den lokalpolitiske dimensjonen, heraldikk (kommunevåpen, identitet etc.) og eigarskap. Etter kvart vil resultata desse arbeidsgruppene kjem fram til, bli løfta inn til politisk behandling i fellesnemnda.

Eit særs viktig spørsmål er korleis Sunnfjord kommune skal organiserast administrativt, og her er prosjektleiar/rådmannen Ole John Østenstad i full gang med arbeidet. Eit slikt arbeid involverer heile organisasjonen, dei tilsette og ikkje minst dei tillitsvalde, og framlegg til organisering vil etter kvart òg bli tatt inn i fellesnemnda til behandling og avgjerd. Ved sida av dette går det føre seg eit svært omfattande, konstruktivt og godt arbeid hos dei tilsette i dei fire kommunane, og det er sett ned mange grupper som skal finne avklaringar på nær sagt alle område der det finn stad kommunal aktivitet og verksemd.

Alt det arbeidet som nå går føre seg skjer innanfor rammene til den vedtekne intensjonsavtalen, og som kommunesamanslåinga på mange måtar bygger på.

Det er dessutan ikkje berre hos politikarane og dei tilsette som arbeider med kommunesamanslåinga, at stemninga er god. Generelt i lokalsamfunnet og regionen vår, ser vi ein stadig større oppslutnad og vilje til eigarskap til kommunesamanslåinga. Eit eksempel her kan vere den store suksessen tettstad-møta på Sande, Bygstad, Naustdal, Vassenden og Skei i regi av Sunnfjord utvikling hadde. Det store folkelege engasjementet og den positive krafta som blei vist fram på alle desse møta, vil ein nå gjere om i konkrete, gode utviklingstiltak. Og dette arbeidet vil bli kopla nærmare saman med gruppa som arbeider med lokalpolitikk. Ein av ideane som er komme opp er at kvar tettstad kanskje skal få sin eigen «tettstadutviklar», noko som for meg høyrest ut som ein spennande idé.

Kommunesamanslåinga blir òg registrert og godt mottatt utanfor regionen vår, noko eg som ordførar i Førde opplever stadig vekk. Slik meldingar kan vere tydelege og konkrete. Seinast i førre veke då det ved ei næringsetablering i Førde blei særskilt understreka at etableringa delvis kom som eit resultat av at vi nå skipar ein ny og større kommune i regionen vår.

Det er berre om lag 650 dagar til vi er samla i ein ny kommune. Det står igjen mykje godt arbeid før dette tidspunktet, men eg kjenner meg trygg på at dette vil skje på same gode og konstruktiv måte som vi har i dag. For dei som ønskjer meir informasjon om det som skjer og gjerne vil følgje prosessen tett, finn du «Sunnfjord kommune» både på Facebook og som eiga nettside. Følg oss, då vel!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags