Industri er viktig for Høyanger og Vestland

Ordførar i Høyanger Petter Sortland (Ap)

Ordførar i Høyanger Petter Sortland (Ap) Foto:

Av
DEL

LesarbrevIndustrien skapar store verdiar og mange arbeidsplassar i Høyanger og i nye Vestland fylke. Høyanger Ap vil gje vår industri ein større plass og merksemd i vårt arbeids- og næringsliv. Høyanger og Vestland har mange fortrinn som gjer dette mogeleg, med rik tilgang på naturressursar, høg kompetanse og dei konkurransefortrinna som ligg i den norske modellen.

Det ligg eit stort potensial til nyvinning og auka sysselsetting innan fleire industrielle sektorar, mellom anna kraftforedlande industri, design- og merkevaredrive industri, samt råvareindustri. Ein stor del av norsk industri står i dag i det teknologiske skiftet med interessante mogelegheiter for framtida. Bedriftene skal omstille seg til ein meir miljøvenleg produksjon. Høyanger Ap vil at staten stiller opp med omstillingsmiddel gjennom ENOVA.

Trepartssamarbeidet blir stadig viktigare for norsk industri. Dei bedriftene som lukkast med omstilling har høg medverknad og høg organisasjonsgrad. Høyanger Ap vil ha fokus på det fagleg politiske samarbeidet.

Ambisjonen om å ta ressursane våre i bruk, både på land og i havet, skal kjenneteikna vår industripolitikk. Framover må norsk industri få gode og langsiktige rammevilkår.
Høyanger Ap vil:
• føre ein aktiv næringspolitikk, som legg til rette for eit nyskapande, kunnskapsbasert og klimavenleg næringsliv.
• vidareføra CO2-kompensasjonsordninga etter 2020 med minst 75 % kompensasjon. Dette er viktig for å sikra norske arbeidsplassar, og sørge for at industri ikkje vert flytta til land med mindre stram klimapolitikk.
• satse på dei unge ved å betre lærlingordninga og fagutdanninga. Industriproduksjon vil i framtida vere kunnskapsbasert og vil stille krav til kontinuerleg etter- og vidareutdanning.
• ha konkurransedyktige rammevilkår som gjer det attraktivt å investere i norsk industri.
• ha fokus på forvaltning av energiressursane slik at det i framtida vil vere grunnlag for industriproduksjon i landet.
Ei stemme til Høyanger Ap ved valet 9. september er med å sikre eit auka fokus på industrien i Høyanger og i nye Vestland fylke. Godt val!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags