Sunnfjord kommune og samarbeid

NY TID: Olve Grotle, ordførarkandidat for Sunnfjord Høgre, vil møte framtida i det nye Vestland med meir samarbeid.

NY TID: Olve Grotle, ordførarkandidat for Sunnfjord Høgre, vil møte framtida i det nye Vestland med meir samarbeid. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI desse dagar er det tre år sidan kommunestyra i Naustdal, Førde, Jølster og Gaular gjorde vedtak om å gå saman i Sunnfjord kommune. Sidan den tid har det blitt arbeidd godt både administrativ og politisk med å få etablert den nye kommunen, og ikkje minst har dei tilsette i dei fire kommunane gjort ein imponerande innsats.

Sjølv om det framleis står att arbeid, er vi nå i det store og heile klar for Sunnfjord kommune. Ja, faktisk er det slik at arbeidet har gått så bra og samanslåinga har kome så langt, at vi blir brukt som eit godt eksempel rundt om i landet. Det ligg derfor godt til rette for at Sunnfjord kommune kan bli det mange av oss både har arbeidd for og hatt visjonar om: Ein stor og moderne kommune som kan gi gode tenester til innbyggarane våre, og som har kraft og resursar til å handtere det som skal til for at det skal vere godt å bu og arbeide her.

Sjølv om vi har eit godt utgangspunkt, vil det sjølvsagt vere krevjande å oppfylle alle krav og ønskje som mange har til den nye kommunen. Det må derfor òg arbeidast godt og konstruktiv etter at Sunnfjord kommune er etablert om knappe seks månader.

For meg har samarbeid vore nøkkelordet til suksess i Førde. Samarbeid mellom politikk og administrasjon, og ikkje minst i det politiske miljøet. Ja, dette har rett og slett vore den store styrken vår, og fleire av dei store prosjekta som vi har fått til er eit direkte resultat av eit godt og konstruktivt samarbeid mellom politikarar frå alle parti.

Eit godt og tillitsfullt samarbeid vil òg vere nøkkelen til suksess for Sunnfjord kommune, og derfor må det nye kommunestyret legge stor vekt på å få dette til. I dette arbeidet må det òg vere stort fokus på å bygge tillit og samarbeid over dei gamle kommunegrensene, og dyrke fram godt fellesskap i den nye kommunen.

Skal Sunnfjord kommune lykkast må vi òg ha samarbeid utanfor eigne grenser. Dette gjeld sjølvsagt naboar i nærområdet vårt, kor vi må vere ein raus storebror og styrke dei sterke band vi alt har. Men det stoppar ikkje der. Det er ei ny tid på Vestlandet, og vi må møte denne på ein open, uredd og offensiv måte. Sunnfjord kommune har kraft og potensial til å ta posisjonen som den mest sentrale kommunen utanfor bergensområdet. Skal vi greie dette må vi halde fram arbeidet med å knytte kontaktar, drøftar felles satsingar og prosjekt, og bygge tillitsfulle alliansar og vennskap.

Om eit knapt halvår blir naustedølar, førdianarar, jølstringar og gaulværingar innbyggarar i Sunnfjord kommune. Skal vi lykkast med den nye kommunen vår, må denne vere bygt på eit tillitsfullt og godt samarbeid, både internt i kommunen og i forholdet til andre. Over sommarferien tar valkampen til for alvor. Eg håper spørsmålet om korleis vi best mogeleg kan oppnå eit slikt samarbeid òg kan bli tema i denne. God sommar til alle!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags