Politikk for framtidskraft

URETTFERDIG: Senterungdomen meiner det er urettferdig å flytte inntekter som kjem av lokal verdiskaping ut av lokalsamfunnet og inn til sentralmakta, skriv Emma Berge Ness i artikkelen.

URETTFERDIG: Senterungdomen meiner det er urettferdig å flytte inntekter som kjem av lokal verdiskaping ut av lokalsamfunnet og inn til sentralmakta, skriv Emma Berge Ness i artikkelen. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
Førre helg hadde Senterungdomen sitt 70. landsmøte. Senterungdomar frå heile landet som ønskjer ein ny politisk retning for landet møttest for å vedta ny politikk. Ei av dei viktigaste sakene som var oppe til handsaming, var å vedta eit klimapolitiske program. For oss er det viktig å ha ein klimapolitikk som er ambisiøs, men rettferdig.

Senterungdomen meiner at å motverke klimaendringane er den viktigaste oppgåva vi står ovanfor. Klimaendringane er ei global utfordring, men løysingane er lokale! Det er ei viktig politisk oppgåve å legge til rette for at våre grøne ressursar vert utnytta på best mogleg vis.

Noreg har naturgitte fortrinn til å gå framfor i det grøne skiftet. Med våre høge fjell og bratte fossefall, har vi store moglegheiter i overgangen frå fossile til fornybare energikjelder. Vasskraft har lenge vore, og vil fortsette å vere, vår viktigaste kjelde til fornybar energi.

Å forsyne landet med rein energi, er ei oppgåve nokre lokalsamfunn tek på vegner av storsamfunnet. Dersom vi ønskjer at produksjonen skal halde fram, er det heilt sjølvsagt at verdiskapinga også skal kome områda kor produksjonen skjer til gode. Trudde eg. Dei siste 6 åra har mykje som for meg er sjølvsagt, vorte truga.

Regjeringa har bestilt eit forslag frå kraftskatteutvalet, som legg opp til at kraftkommunane sine inntekter skal flyttast til staten. I Sogn og Fjordane er det snakk om å flytte 113.909.688 kroner frå kraftkommunar til staten. Dette føyer seg i rekka av dei mange dårlege sentraliseringsforslaga vi har sett dei siste åra.

Senterungdomen meiner det er urettferdig å flytte inntekter som kjem av lokal verdiskaping ut av lokalsamfunnet, og inn til sentralmakta. Dersom vi skal legge til rette for vidare satsing på fornybar energiproduksjon, er det viktig at satsinga skapar inntekter i dei kommunar og fylke kor produksjonen føregår.

Våre vasskraftverk er viktige i grøne skiftet. For å sikre vidare satsing, fortener lokalsamfunna å vite at det framleis skal vere lønnsamt å bidra til storsamfunnet. Det skal løne seg å satse fornybart. Det er eit dårleg klimatiltak å foreslå at kraftkommunar skal misse store inntekter!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags