Berre ein har helsa, og ungane har det godt...

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL
Kva er viktigast for deg? Berre ein har helsa og ungane har det godt, seier vi ofte når vi uttalar oss om kva som er viktig for oss.

LesarbrevAp vil at alle skal ha det same gode helsetilbodet uavhengig av kor god råd ein har til å betale for seg.

Det offentlege helsesystemet skal ha helsearbeidarar i toppklasse, og ha ressursar til å gje den beste helsehjelp til alle.

Den offentlege skulen skal vere så god, og ha dei beste lærarane og dei beste undervisningsmiljøa, slik at foreldre ikkje treng ta ungane ut av den og betale for undervisning på private skular.

Ap meiner at fellesskulen er beste vegen for ungane å gå for å gjere seg klare til å kome ut i eit mangfaldig storsamfunn som vi vil skal bestå av både byar og levande bygder i passe store kommunar som har slått seg frivillig saman.

Vi vil m.a bruke skatteinntekter for å oppnå dette, og ikkje gje meir skattelette til dei rikaste.

Ap vil føre ein arbeidslivspolitikk som aukar sjansen for fast arbeid og inntekt, og ikkje berre midlertidig tilsetting. Det vil gi tryggleik for born og vaksne!

Om ein så i tillegg er enig i at det offentlege skal tilby ei eldreomsorg dimensjonert og tilpassa framtida med bruk av velferdsteknologi, slik at folk kan bu heime så lenge som mulig, har ein gode grunnar for å stemme Arbeiderpartiet 11. september.

Bruk stemmeretten din, ikkje gløym å stemme! Planlegg slik at du får tid til å stemme!

Få dei du kjenner til å stemme: Ungane dine! Foreldra dine! Besteforeldra dine! Kollegane dine og venene dine! Spør nokon om dei treng hjelp til å kome til stemmelokalet,eller spør nokon du kjenner om hjelp sjølv.Hugs også at du kan førehandsstemme. Godt val.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags