Til norske jenter og gutar!

Av
DEL

LesarbrevDe veit nok at Storbritannia kjempar for å slite banda som bind landet til EU. Kampen for å vinne tilbake nasjonal fridom er målet etter ha vore med i EU i mange år. Det er dyrekjøpte røynsler som ligg til grunn for den såkalla «Brexit».

Det norske Storting har hatt eit ønskje om å melde landet vårt inn i EU, men det norske folk har to gonger – ved folkerøysting – sagt nei. Like fullt ligg det ein underteikna søknad om medlemskap og lurer i UD. Rikspolitikarane våre fekk oss på finurleg vis til å bli EØS-medlem, ei lausare ordning enn fullt medlemskap. I denne ordninga ligg dei såkalla «friheitene»: Fri flyt av økonomi, handel, samferdsel og arbeidsmarknad.

EU lagar lover som skal gjerast felles for alle land som er tilslutta unionen, og kravet om at EØS-landa skal innordne desse direktiva (som må sjåast på som lover) må i tur og orden innlemmast i desse landa sine grunnlover.

Det heiter at ein kan reservere seg mot å «implementere» EU-lovene i lovverket i EØS-landa, men så langt har våre politikarar reservert seg berre ein einaste gong (Postdirektivet). Dags dato er Grunnlova vår så gjennomhola av EU-direktiv at berre juristar kjenner det lovverket som landet vårt skal styrast etter.

Eit godt døme er «NAV-skandalen». Over 70 nordmenn er dømde i norsk rett for brot på det ein trudde var norsk lov, men som i etterkant har vist seg å vere lovleg ut frå EU sine lover som vi skulle rette oss etter.

På Stortinget er det ikkje fleirtal for å sjå på EØS-reglane som bind oss til EU sitt lovverk. Våre stortingspolitikarar ønskje å melde landet vårt inn i det same EU som engelskmennene no kjempar for å kome seg ut frå!

Tenk om de, våre unge jenter og gutar – morgondagens politiske elite – ville krevje at EØS-medlemsskapet vi er tilslutta skal bli teke opp til folkerøysting, for eller mot. Folket vårt har aldri fått sagt meining si til den politiske bindinga som har gjort oss så innfiltra i EU at vår politiske fridom går tapt.

I krigsåra 1940–45 kjempa vi for vår nasjonale fridom – og vann. Det kosta blod, sveitte og tårer, liding og sakn. Men no er alt dette gløymt, og ingen av dei politikarane som i dag styrer landet vårt var fødde på det tidspunktet. Alt dei har opplevd er eit liv utan krig, og derfor har dei levd høgt i trua på at nasjonal fridom er eit gode vi har krav på som ein naturleg del av menneskelivet.

Men den som ikkje vil lære av fortida, risikerer å spolere det forfedrane har kjempa fram.

Våg å stille dei viktige spørsmåla! Våg å ha eigne meiningar. Våg å kjempe kampen for vår nasjonale fridom med dei våpena du har, ditt sunne vett og din fedrelandskjærleik.

Det er no det gjeld!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags