LO må seie nei til EØS!

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevGjennom 100 år har arbeidarrørsla kjempa fram verdige løns- og arbeidsvilkår. Men no er dette i fritt fall. Det skuldast EØS-avtalen som no i mai er eit stridstema på LO-kongressen.

I kjølvatnet av EUs utviding mot aust i 2004, har det gjennom EØS blitt aksept for import av stadig aukande mengde organisert kriminalitet. Slike kriminelle nettverk har festa grepet om stadig fleire bransjar.

Det dreier seg ikkje lenger berre om sosial dumping. Useriøse firma blir ifølgje politiet også brukt til kvitvasking av narkotikapengar. Dei er ein landgang inn i Noreg for andre typar organisert kriminalitet – menneskesmugling, utpressing og vald.

Dette snakkar ikkje topp-politikarane høgt om, sjølv om det trugar samfunnstryggleiken når kriminelle nettverk får fotfeste gjennom offentlege anbod. Her blir skattepengane våre brukte til å undergrave den norske modellen i arbeidslivet.

Kva gjer regjeringa i denne situasjonen? Ifølgje Riksrevisjonen har styresmaktene ein «svak og lite avskrekkande innsats mot arbeidsmiljøkriminalitet».

Bølgja av sosial dumping, svart arbeid og arbeidslivskriminalitet, er den mest dramatiske endringa av det norske arbeidslivet sia andre verdskrigen. Dette skjer sjølv om det norske folket aldri har blitt rådspurt om den innlemminga i EUs indre marknad som har skjedd gjennom EØS-avtalen.

På byggjeplassane, på verfta, på restaurantane, i bilvaskhallane blir fast tilsette bytt ut med innleigde frå bemanningsbyrå. Mange blir henta hit til landet med løfte om fast jobb. Men når dei kjem til Noreg får dei ein kontrakt der det heiter «fast ansettelse – uten lønn mellom oppdrag». Arbeidsmiljølova sin regel om at hovudregelen er fast tilsetjing blir ein vits.

Det trengs mykje tøffare tiltak mot bedriftseigarar og selskap som utnyttar arbeidsfolk:

1. Mykje av kriminaliteten blir gjort av firma som Politidirektoratet kallar «useriøse utenlandske bemanningsselskaper.» Vi må få tilbake den fornuftige regelen om at ein tilsett skal vere tilsett og ikkje innleigd gjennom eit bemanningsbyrå. Arbeidsgjevar skal vere arbeidsgjevar – ikkje oppdragsgjevar. Og vikarar – dei skal berre brukast til reelle vikariat.

Slik var det i Noreg frå 1947 til 2000. Det fungerte fint. Men i år 2000 slapp dei borgarlege og Arbeidarpartiet laus kommersiell utleige av arbeidskraft, etter press frå EU. Det var eit feilgrep av historiske dimensjonar. No må vi ta tilbake styringa over arbeidslivet vårt. Og då er første bod at vi får tilbake den same reguleringa av vikarbruk som vi hadde fram til EU-lojale politikarar bøygde nakken for Brüssel.

2. Lovbrot må få konsekvensar. Men slik er det ikkje i dag dersom du underbetalar dine ansatte. Det verste du risikerer er å måtte punge ut med det som arbeidarane uansett hadde krav på. Tenk om det var sånn på andre område:

Dersom du feilparkerer, får du inga bot. Du må berre betale det du skulle ha betalt i parkeringsavgift. Dersom du stel i butikken, får du inga straff. Du må berre levere tilbake det du skulle stele. Slik er det av gode grunnar ikkje. Men i arbeidslivet er det fritt fram. Slik ville det aldri vore dersom det ikkje var for at desse lovbrota går ut over arbeidsfolk som står svakt. Vi må få slutt på at det er risikofritt å bryte arbeidsmiljølova!

3. Konkursryttarane må stansast: I dei mest utsette bransjane, spekulerer eigarane i å slå selskapet konkurs straks dei får problem, og så halde fram som før med eit nystarta selskap. Kostnadane lemper dei over på fellesskapet i form av lønsgarantiutbetalingar til tilsette som ikkje fekk betalt. Eit eksempel er Match Bemanning som leiger ut rørleggjarar. Då eigaren fekk lønskrav frå dei tilsette, slo han selskapet konkurs. Då slapp han unna lønskravet. Deretter oppretta han selskapet Match Bemanning Ny og heldt fram som før. Rekninga vart sendt til fellesskapet. Vi må få ein mykje strengare bruk av konkurskarantene enn i dag – konkursryttarane må stansast!

Noreg må ut av EØS!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags