Kva er våre verdiar verdt?

Av
DEL

LesarbrevFor ikkje så lenge sidan feira vi 17 mai, og markert viktigheita av at vi har ei Grunnlov som fastsett og legg vekt på verdiane vi held opp som dei viktigaste vi har. Slik som ytringsfridom, rettsvern, og eit demokratisk sjølvstyre. I eit slikt sjølvstyre så er vi avhengige av nokre ting, men først og fremst må det ligge føre ein gjensidig respekt mellom politikarar og folk. Når denne respekten og tilliten som følgjer blir svekka, så opnar ein døra på gløtt for dei som ikkje vil demokratiet vel.

I Europa har vi over tid no sett ein slik respekt og tillit bli svekka, og vi ser resultata av dette; fleire høgreekstreme og autoritære parti får meir og meir innflytelse, og forsøker å sko seg på det at folk flest føler at politikarane ikkje har deira interesser i hug når dei vedtek politikk. Historisk sett så har den typen autoritære leiarar som stig fram i slike rørsler heller ikkje noko interesse for å gjere livet enklare og betre for vanlege folk, men dei splittar for å herske.

Så kva har dette med Noreg å gjere, kva har dette med vårt verdigrunnlag å gjere? I rettsvesenet føregår det no ei sak, der Nei til EU har saksøkt Statsministeren for brot på Grunnlova sin paragraf 115 i forbinding med Noreg si tilslutning til ACER, EU sitt byrå for energimarknadsregulering. Denne paragrafen ser slik ut:

«For å sikre internasjonal fred og tryggleik eller fremje internasjonal rettsorden og samarbeid kan Stortinget med tre fjerdedels fleirtal gje samtykke til at ein internasjonal samskipnad som Noreg er tilslutta eller sluttar seg til, på eit sakleg avgrensa område får råderett som elles ligg hjå dei statlege styresmaktene etter denne grunnlova, men likevel ikkje rett til å endre denne grunnlova. Når Stortinget skal gje sitt samtykke, skal minst to tredjedelar av medlemmene vere til stades, som ved behandling av grunnlovsframlegg.

Føresegnene i denne paragrafen gjeld ikkje ved deltaking i ein internasjonal samskipnad der avgjerdene berre har reint folkerettsleg verknad for Noreg.»

Denne paragrafen har berre blitt nytta ein gong før: då Noreg i 1992 tilslutta seg EØS. Då var det det naudsynte 3/4 fleirtal på Stortinget. Var det eit slikt fleirtal i folket då? Det vart ikkje gjort noko folkeavrøysting, så det er eit veldig ope spørsmål. Det er ikkje så opent no lenger. Med EØS har vi sett deregulering av arbeidsmarknaden, stadig svekking av distriktspolitikk, og stadig meir overføring av makt til EU, og i kjølvatnet av dette kjem motstand i mange former. Nei til EU har gått til sak fordi vi meiner det over lang tid har føregått stadig fleire avhendingar av suverenitet til EU som kvar for seg kanskje ikkje er så store, men samla sett utgjer ei enorm umyndiggjering av Stortinget og veljarane.

Rett før 17. mai kom det fram at Noreg sine representantar til EU omtala motstand mot ACER som galskap, og samstundes pusha gass som det store klimatiltaket Noreg vil bidra med. Urimelegheita i dei påstandane står for seg sjølve, men slike haldningar viser ein farleg mangel på respekt og vilje til å diskutere politiske spørsmål, og er uttrykk for ei ekstremt nedlatande haldning. Dei er farlege for demokratiet, for kjernen i det er at vi er viljuge til å diskutere, og få våre standpunkt utfordra.

Nei til EU er ikkje redde for å få våre standpunkt utfordra, hadde vi vore det hadde vi ikkje gått til sak mot Statsministeren. Men vi har full tru på at kampen om Grunnlova og avståing av energipolitikken til EU er ein kamp som er verdt å ta. I eit demokrati med ein sunn rettsstat tek ein ikkje snarvegar rundt Grunnlova.

Ole Fosse Fardal

Fylkesleiar, Sogn og Fjordane Nei til EU

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags