Brexit - ein kalddusj for eliten

KALDDUSJ:  Brexit var ein kalddusj for dei som meinte dei visste betre enn veljarane. Dette gjaldt både då tidlegare statsminister David Cameron opna for folkerøysting, og i desember i fjor, då Boris Johnson (bildet) vann ein dramatisk siger over Labour, som i liten grad hadde teke inn over seg folkeviljen, skriv artikkelforfattaren.

KALDDUSJ: Brexit var ein kalddusj for dei som meinte dei visste betre enn veljarane. Dette gjaldt både då tidlegare statsminister David Cameron opna for folkerøysting, og i desember i fjor, då Boris Johnson (bildet) vann ein dramatisk siger over Labour, som i liten grad hadde teke inn over seg folkeviljen, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevFredag 31. januar begynte Storbritannia den formelle overgangsperioden frå å vere eit medlemsland i EU, til å stå langt friare. Utanfor EU kan dei utforme sin eigen politikk på alle område som tidlegare var styrt frå Brüssel. Denne perioden er over ved utgangen av året, og då skal alle prosessane knytt til utmeldinga være gjennomført.

Brexit har vist at eit EU-medlemskap er svært vanskeleg å kome ut av. Når Storbritannia som har vore medlem i EU sidan 1973 no går ut, er det med store vanskar. Ein del av desse har kome i forhandlingar med EU, men ein større del kom fordi mange politikarar i Storbritannia ikkje respekterte folkerøystinga om Brexit. Derfor kasta dei vekk mykje tid og mykje veljartillit på å finne «jukseløysingar» som kunne halde Storbritannia inne i EU likevel. Brexit var ein kalddusj for dei som meinte dei visste betre enn veljarane. Dette gjaldt både då tidlegare statsminister David Cameron opna for folkerøysting, og i desember i fjor, då Boris Johnson vann ein dramatisk siger over Labour, som i liten grad hadde teke inn over seg folkeviljen.

Folkerøystingar skal ein ikkje ta lett på. Her i landet har vi sagt nei til EU to gonger, i 1972 og 1994. I 1992 vedtok likevel Stortinget å gå inn i EØS frå 1.1.1994 - utan folkerøysting, trass i eit allereie solid handelsavtaleverk gjennom WTO. Trass i desse avtalane, vart det svartmåla med at «Noreg ikkje ville fått seld varene sine» om vi ikkje gjekk inn i EØS. Same svartmålinga skjedde også i EU-kampen i 1994. Likevel står Noreg sin økonomi i dag langt meir stødig enn i mange EU-land, og vi har avtalefesta moglegheita til å sette ned foten når det kjem EU-regelverk vi er usamde i.

Fleirtalet på Stortinget respekterer ikkje folkeviljen. Svært mykje lovverk som kjem frå EU og som skadar våre lokalsamfunn, blir stempla gjennom i rekordfart, - ofte med svært lite diskusjon. ACER, TTIP, TISA; lista over forkortingar som kjem frå EU og påfører samfunna våre og vanlege folk store vanskar er lang, og blir lengre kvar dag.

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Nei til EU står fast på at i eit demokrati er det folkeviljen som skal bestemme dei store linjene. EU, EØS og vår tilknyting til Europa, er absolutt ei slik stor linje, og der har folket gitt tydeleg beskjed to gongar. Det er på høg tid at vi tek diskusjonen om kva vi får att av ein EØS-medlemskap som vi ikkje ville ha fått gjennom eksisterande WTO-avtalar.

Vi ønskjer Storbritannia velkomen til eit liv utanfor EU. Verda er større enn EU!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags