Acer- sjefen ler

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevNorsk medlemskap i Acer, EU sitt energibyrå, inneber å avgje styring og kontroll med det norske kraftsystemet til Acer. EØS-avtalen omfattar kva politikk som skal førast på mange felt. Når EU lagar ei ny lov som styrer felt EØS-avtalen omfattar, skal EØS-landa vedta same lova. Men EØS-landa har eit val; Dei har høve til å reservere seg mot å vedta den nye lova, slik Noreg no kan seie nei til Acer. EØS-avtalen seier noko relativt diffust om kva som kan skje dersom eit EØS-land reserverer seg mot ei ny EU-lov. Då kan EU vedta eit mottrekk. Dette trekket skal vere tilpassa omfanget i det norske nei-et. Men kva er så eit balansert mottrekk? Dette finst det ikkje klare reglar for. Ved strid om korleis tekst i EØS-avtalen avtalen skal tolkast er det EU-kommisjonen (EU-regjeringa) og EU-domstolen som avgjer. Dette gjeld sjølvsagt også nye lover EU lagar på dei felt avtalen omfattar, som no Acer.

Jonas Gahr Støre hevdar at EU vil straffe Noreg hardt dersom vi ikkje tilsluttar oss Acer. Då vil EU straffe norsk eksportindustri. seier han. Fleire juridiske ekspertar dreg dette i tvil. Professor Hans Petter Graver ved Universitetet i Oslo peikar på at energisamarbeidet i EØS vil halde fram sjølv om Acer-medlemskap vert avvist. Han seier det vil vere oppsiktsvekkjande om EU køyrer hardt.

Held vi olje og gass utanfor, kjøper Noreg klårt meir frå EU enn EU-landa kjøper frå oss. Kvifor skulle EU velje å straffe ein så god kunde urimeleg dersom Noreg ikkje vil vere med i Acer, men vil styre sjølv. Og dessutan eit stort fleirtal av det norske folket stør nei til Acer?

Eit klårt fleirtal i folket er imot å gå inn i Acer. Fagorganisasjonar som representerer over 70 prosent av medlemene i LO har gjort vedtak imot. 12. mars gjorde LO-sekretariatet vedtak mot Acer. Fleire og fleire Ap- lag gjer vedtak imot Acer. Ap har 203 ordførarar. 108 har så langt skrive seg på liste som oppfordrar stortingsgruppa til Ap å røyste imot Acer. Men partileiar Jonas Gahr Støre argumenterer for og kjempar hardt for medlemskap i Acer. Fleirtalet i Stortingsgruppa til Ap er for.

Leiinga i Ap har i alle år arbeidd for norsk medlemskap i EU. Og dei arbeider for å knyte Noreg nærmare og nærmare til EU. Men i Acer-saka er partileiinga pressa. No prøver dei seg med eit reint luretiltak. Ap har sett opp ei liste med seks punkt som må avklarast med regjeringa før Ap kan konkludere. Men dette er ein unnamanøver, reint lureri, for regjeringa og Stortinget kan ikkje gje nokon garanti om framtida for Acer. Det er berre EU som gan gje slike garantiar. Men Ap vil ikkje krevje å få avklaringar frå EU-kommisjonen. Avklaringar som er rettsleg forpliktande for EU.

EU lagar ei ny lov, og Noreg godtek den som norsk lov. Etter det er der ingen angrerett der Noreg kan trekkje seg frå lova. Lova gjeld for alltid. EU kan lage nye lover med nytt innhald og dermed endre det Acer som ligg på bordet no. Og Noreg kan ikkje anna enn å følgje med.

Saka har fleire sider, men den klårt viktigaste er at Noreg avgjer suverenitet til EU/ Acer. Ved slik avståing krev Grunnlova tre fjerdedels fleirtal bak vedtaket i Stortinget. Men så har ja- folka funne ut at avståinga til Acer er så liten, så lite inngripande, at det er nok med vanleg fleirtal. På Stortinget er det ikkje tre fjerdedels fleirtal for Acer. Det verkar lite logisk når jafolka hevdar at saka er så lite inngripande at vanleg fleirtal er nok, samstundes som dei hevdar at det vil vere svært skadeleg for Noreg å stå utanfor Acer. Leiande ekspertar på Grunnlova har avvist påstanden om lite inngripande og seier vedtak krev tre fjerdedels fleirtal.

Ap oppnådde 27,4 prosent i stortingsvalet i september 2017. Meiningsmålingar no gjev partiet 22,5 prosent. Ap har for tida 203 ordførarar. Held Ap fram den politiske kursen dei no styrer etter, er det neppe nokon dristig spådom at partiet ikkje har 203 ordførarar etter kommunevalet i 2019.

Albert Pototschnig er sjef for Acer, energibyrådet til EU. Han seier han ler av debattane som rasar i Noreg om vi skal tilslutte oss EU sin tredje energipakke. Personar langt oppe i maktsystem kan ha vanskeleg for å forstå vanlege folk sine tankar og standpunkt. Han ler altså av dumskapen til eit stort fleirtal i folket i Noreg, av eit stort fleirtal av LO-medlemene og mange, mange andre. Debattane, som Pototschnig ler av, er omfattande og grundige. Å gje frå seg styring og kontroll med det norske kraftsystemet til Acer rører ved ryggmarksrefleksen til det norske folket. Når Acer-sjefen ikkje forstå det, men ler oppgjeven over slik dumskap, seier det mykje om hans respekt for demokratiet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags