Trygg kvardag og valfridom for eldre i Sunnfjord kommune

Anne Lilleaasen

Anne Lilleaasen Foto:

Av
DEL

Meiningar 

For Sunnfjord Høgre er tryggleik og valfridom i kvardagen avgjerande for eit godt liv for alle.

I dei neste 10 – 20 åra vil Sunnfjord kommune få mange fleire eldre enn i dag. Difor er det viktig å planlegge og legge til rette for eit samfunn tilpassa denne store endringa. Både for dei som har god helse og for dei som har ulike omsorgsbehov. Ny teknologi innan helse – og omsorgstenester gjev nye moglegheiter til å drive desse tenestene framover og vi må vere i framkant for å ta desse i bruk.

Valfridom er viktig for eldre og pleietrengande. Vi meiner at kvart enkelt menneske må få velje teneste eller å bu heime så lenge dei ønskjer det. Difor vil Sunnfjord Høgre arbeide for at kommunen har eit godt utbygd og moderne omsorgstilbod. Vi må ta i bruk naudsynte digitale løysingar og styrke kompetansen innan geriatri. Vi ønskjer eit godt samspel mellom brukarane, dei pårørande og helse – og omsorgstilbodet for å gi god kvalitet og tryggleik. Vi ønskjer også at heimebuande eldre får tilbod om førebyggande heimebesøk slik at ein saman kan planlegge omsorgsbehovet framover.

Sunnfjord Høgre vil legge til rette for sosiale møteplassar og dagsenter som er tilpassa slik at eldre og personar med demens og Alzheimers med ulike behov kan føle seg trygge og få tilpassa opplegg.

Einsemd er eit problem mange eldre slit med, og her må det takast raske grep. Pårørande og frivilligheit er usedvanleg viktig i dette arbeidet, som elles i eldreomsorga. Aktivitetar, tur-ven, dagleg besøk eller ein telefonsamtale må vere ein del av behandlingsopplegget. Oppdatert informasjon om ulike aktivitetar må nå ut til brukarane og dei pårørande.

Sunnfjord Høgre vil framleis ta vare på dei eldre i samfunnet vårt. Dei har gjort veldig mykje for samfunnet og vi er stor takk skyldig.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags