Sats på distrikta - stopp kutta

Ingrid Heggø

Ingrid Heggø Foto:

Av
DEL

LesarbrevSogn og Fjordane står no i ei rekkje krevjande utfordringar. Høgreregjeringa har starta ei sveltefôring av kommunar og fylke. Prisen må betalast av skuleelevar og alle som er avhengig av ferje. Nødvendige investeringar må utsetjast. Samtidig må helseføretaket kutte, og ei rekkje statlege tenester og arbeidsplassar står i fare.

Arbeidarpartiet vil prioritere annleis. Vi legg no fram vårt budsjettalternativ for 2020, der vi - innanfor same økonomiske ramme - legg inn fleire milliardar ekstra til kommunar, fylke og helseføretak. Summen av kutt og nedskjeringar i offentlege tilbod som fylket vårt opplever, kan nemleg ikkje halde fram. Skal det bu folk i heile landet, må folk ha gode tenester nært der dei bur. Dette handlar ikkje om «misunnelse», som høgresida yndar å kalle det. Det handlar om rettferd.

Vi i fjordfylket har i årevis stått på barrikadane og kjempa mot nedlegging og sentralisering. I periodar har det knapt gått ei veke mellom kvar gong vi opnar lokalavisene og finn noko nytt som skal kuttast. Ei hovudårsak er høgresidas ideologiske overtru på at berre dei rikaste får meir, så skal resten ordne seg. Sjølv om ein del av pakken er kutt for dei som har minst, og kutt i distrikta. Slik fungerer ikkje den verkelege verda. Kuttar du i distrikta, svekker du distrikta, så enkelt er det.

Det desentraliserte Noreg er ei suksesshistorie. Velstanden og velferda vår er summen av det vi skaper i heile landet. Eit land med arbeid og busetjing i store og små lokalsamfunn, er fundamentet for sterkt fellesskap og felles identitet. Framtidstru lokalt, gjer Noreg betre nasjonalt. Derfor er Arbeidarpartiet både byane og distrikta sitt parti. I generasjonar har vi vist at Noreg lukkast best når vi står saman - by og land.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags