DEBATT: Når staten stikk av

SENTRALISERING: Eg håpar inderleg Regjeringa innan 14. august har noko meir å kome med som gjer det mogleg for meg som Venstre-mann å sitje i eit slikt panel og seie anna enn at Senterpartiet har heilt rett: Om ikkje i svara, så i alle fall i evna til å sjå kva som verkeleg skjer ute i distrikts-Noreg, og motet til å seie ifrå, skriv Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

SENTRALISERING: Eg håpar inderleg Regjeringa innan 14. august har noko meir å kome med som gjer det mogleg for meg som Venstre-mann å sitje i eit slikt panel og seie anna enn at Senterpartiet har heilt rett: Om ikkje i svara, så i alle fall i evna til å sjå kva som verkeleg skjer ute i distrikts-Noreg, og motet til å seie ifrå, skriv Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

Av
DEL

Meiningar

Passivt, hjelpelaust og eit trugsmål mot vekst og næringsliv i distrikta.

Det er dessverre den mest treffande karakteristikken på Regjeringa sin manglande innsats for å gjere staten til ein medspelar i å byggje sterke bu- og arbeidsmarknadsregionar over heile Noreg.

2019 byrja så bra. Ei ny regjeringserklæring (Granavolden) sa for fyrste gong at staten skulle samordne seg på tvers av sektorar for å spreie statlege kompetansemiljø over heile landet, og unngå at dei same distriktsregionane vart taparane i kvar einaste statleg omorganisering.

Samtidig reiste Kommunalminister Monica Mæland landet rundt og henta innspel til ei ny Distriktsmelding som skulle kome våren 2019. Ho var mellom anna på besøk her i Eid, og var krystallklar på at no skulle «stats-siloane» samordnast på tvers. Konkrete idear til korleis det kan gjerast i praksis, fekk ho med seg på vegen.

Så stoppa det opp.

Den varsla Distriktsmeldinga har vi aldri sett.

Sjølve eldprøva på formuleringane i Granavolden-erklæringa, omorganiseringa av Statens vegvesen, ser ut til å ende i eit mageplask. Det ser ut til å bli sentralisering der Regjeringa lovde desentralisering – og silo-tenking der Regjeringa lovde samordning på tvers.

I dag har Statens vegvesen (SVV) desentraliserte forvaltingsmiljø på små og store stader over heile landet. Det betyr at det er mogleg å bu om lag kvar som helst i Noreg og ha sin arbeidsplass med spesialiserte oppgåver i Statens vegvesen regionalt eller nasjonalt – med effektiv bruk av moderne teknologi.

Rett før sommaren klarte Regjeringa å rive beina under denne framtidsretta og velfungerande modellen. Det einaste som no er politisk bestemt, er at forvaltingsmiljøa i SVV skal ha si base på berre 12–13 stader i Noreg – herunder mange større byar som har rikeleg med statlege forvaltingsarbeidsplassar frå før (Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø etc.).

Resten har rikspolitikarane rett og slett gitt frå seg styringa av. No er det i praksis opp til ein tilfeldig byråkrat si velvilje og «personlege skjønn» om Statens vegvesen framleis skal ha statlege kompetansemiljø i Nordfjord, Sunnhordland, Sunnmøre eller andre stader i distrikts-Noreg.

Med seg på vegen får vegbyråkratane ein rapport bestilt av Regjeringa frå eit fransk konsulentselskap, som tilrår Statens vegvesen å kvitte seg i stor stil med eigedom og avdelingar i distrikta, og samle seg i dei største byane der eigedomsmassen er meir verdt.

Ingen insentiv til samordning med andre etatar, ingen krav til å ta regionale omsyn til at dei same distriktsregionane kjem tapande ut på område etter område.

Så i framtida kan rikspolitikarane toe sine hender og seie at «Nei, EG vil no gjerne at Statens vegvesen framleis skal vere til stades i distrikta – men eg kan sjølvsagt ikkje detaljstyre kva etaten sjølv finn ut er best.»

Og snart kjem nye rundar: Ein såkalla «organisasjonsgjennomgang» som er starta opp i rettsvesenet, kjem garantert til å ende med ein ekspertrapport som tilrår nedlegging av juridiske fagmiljø i distrikta og samling i dei største byane. Utan sideblikk til Granavolden-erklæringa, og utan at rikspolitikarane i ettertid kjem til å gjere anna enn å velsigne sektor-ekspertane sin rapport.

Den 14. august i år er Eid kommune medarrangør av ein debatt på hovudprogrammet i Arendalsuka – om distriktspolitikk. Der skal eg sitje i panel med Kommunalministeren, Sp-leiar Vedum og andre sentrale rikspolitikarar.

Eg håpar inderleg Regjeringa innan den tid har noko meir å kome med som gjer det mogleg for meg som Venstre-mann å sitje i eit slikt panel og seie anna enn at Senterpartiet har heilt rett: Om ikkje i svara, så i alle fall i evna til å sjå kva som verkeleg skjer ute i distrikts-Noreg, og motet til å seie ifrå.

Det som no skjer av statleg sentralisering er så massivt, uhandterleg og alvorleg at eg ser meg nøydd til å legge alle partitaktiske omsyn til side. No handlar det om å sikre vekstkrafta til distrikts-Noreg – i ei framtid der vekspotensialet i eit nyskapande og grønt næringsliv er større enn nokon gong.

Det er enno ikkje for seint for Regjeringa å syne handlekraft – og syne at det enno er slik i Noreg at staten skal vere til stades med kompetansemiljø over heile landet.

Men då må Regjeringa og andre nasjonale politikarar kome på banen og ta kampen. Ikkje rømme opp på tribunen og overlate til statsbyråkratiet å stikke av frå distrikts-Noreg.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags