Slik vil Høgre nedkjempe skilnadar

Av
DEL

LesarbrevNoreg er eit land der vi har minst skilnadar mellom det som kan kallast fattige og rike. Vi har ingen som lever i pr. definisjon rein fattigdom og som svelt. Difor kjem vi høgt opp på lista når vi samanliknar oss med andre land. Vi har høg levestandard og gode velferdsordningar som sikrar oss alle på best mogleg måte, og slik skal det framleis vere. Ulikskap har vi også her. Vi har ulike behov, ønskjer, føresetnader og engasjement.

Små skilnadar og like moglegheiter styrker vårt fellesskap og bidreg til å bygge tillit til det norske samfunnet. Gjennom dei siste 50 åra har det vore høg vekst i vårt land sine inntekter. Vi har kunne utvikla eit godt velferdssystem på vår politiske velferdsmodell. Difor må vi halde oppe vår høge produktivitet, utvikle våre kompetente arbeidarar og at vi har eit inkluderande arbeidsliv. Dette for å sikre vår framtid.

Sjølv om Noreg er det landet i Europa med minst skilnadar når ein rekna inn velferdstenester, skatt og overføringar, ser vi at ulikskapane aukar noko. Dette ser vi både i Noreg og i andre land, der det er ein langsiktig utvikling som har gått føre seg dei siste 30 åra. Det er blant anna på grunn av globalisering og rivande teknologiutvikling verda har stått ovanfor.

Det viktigaste vi kan gjere for å redusere ulikskapane over tid, er enkelt og greitt å få folk i jobb. Arbeid er grunnlaget for velferd, både for den enkelte og samfunnet. Viktige hovudgrep for å hindre store skilnadar handlar difor å sikre meir kunnskap i skulen, betre integrering, støtteordningar for dei som fell ut av arbeidslivet, slik at ein kan få dei raskt tilbake og gje næringslivet gode rammevilkår for vidare satsing.

Samstundes skal vi ha målretta ordningar for dei som treng velferdssamfunnet mest. I barnehagen har Solberg-regjeringa senka kostnadane for låginntektsfamiliar. Frå august 2019 vil over 45.000 barn ha rett på gratis kjernetid i barnehage. Dette tyder mykje for familiar som slit med å få endane til å møtast.

Det er ein del familiar som lever på ei minimum inntekt. Skal vi kunne gjere noko med dette, må vi også vere samde om årsaka. Sidan 2006 har 85 prosent av veksten i tal barn som lever i familiar med låg inntekt kome frå familiar med innvandrarbakgrunn. Difor har regjeringa lagt fram ein ny integreringsstrategi for å inkludere innvandrarane i små og store samfunn, og for å hjelpe dei vekk frå passivitet og inn i eit inkluderande arbeidsliv. Difor skal vi ha rask integrering og god språkopplæring. Vi må og sørge for at fleire innvandrar tek høgare utdanning, slik at dei kan opparbeide seg den kunnskapen bedriftene spør etter.

Arbeidarpartiet hevdar at ulikskapen skuldast at regjeringa har gjett skattelette til dei rike på kostnad for dei med låg inntekt. Denne ulikskapen vert målt ved hjelp av Gini-koeffisienten. Skalaen ligg mellom 0 og 1. Koeffisienten er lik 0 dersom alle har lik inntekt, og lik 1 når ein person hadde hatt all inntekt. I 2019 forventar det at den skal ligge på om lag 0.257, jamfør ein prognose frå SSB. Legg vi Arbeidarpartiet sitt opplegg til grunn, ville talet vert 0.255. Det tyder ein reel forskjell i ulikskap på 0.002. Dette vil sei at ulikskapen i Norge hadde vert lik om det var Arbeidarpartiet som styrte landet.

Høgre sin politikk handlar om at vi ikkje skal gje opp menneske, der alle skal ha lik moglegheit for å lykkast – uavhengig av kjønn, lommebok og bakgrunn. Difor skal vi lukkast framover med vår politikk.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags