Regjeringa Solberg femner vidt

GRENSER: Ved å gi frå seg kontroll over eigne grenser og opne opp for fri flyt av transport, varehandel, økonomi og arbeidsmarknad, er ein i hendene på ei utvikling der ein blir eit offer for dei skadeverknader slik politikk kan medføre, skriv artikkelforfattaren..

GRENSER: Ved å gi frå seg kontroll over eigne grenser og opne opp for fri flyt av transport, varehandel, økonomi og arbeidsmarknad, er ein i hendene på ei utvikling der ein blir eit offer for dei skadeverknader slik politikk kan medføre, skriv artikkelforfattaren..

Av
DEL

Lesarbrev

Medan den utvida Regjeringa feirar seg sjølv, gir verdsnyhenda varsel om at politikken bør leggast radikalt om.
Globalisme har vore det banner som statsministeren og hennar medhjelparar har hatt som leiestjerne i planlegging og tilrettelegging for ei verdsregjering, ein visjon som i «profetiane» vert kalla Antikrist sitt rike.

Om ein les og trur Skriftene, eller ein held dei for eventyr, kan det like fullt vere grunn til å reflektere litt over utviklinga vi ser konturane av.

Ved å gi frå seg kontroll over eigne grenser og opne opp for fri flyt av transport, varehandel, økonomi og arbeidsmarknad, er ein i hendene på ei utvikling der ein blir eit offer for dei skadeverknader slik politikk kan medføre. (EØS-verknader).

Turismen er den nye vekstnæringa for mange land. Eit lite land som Noreg, hadde i fjor meir enn fire millionar turistar på besøk. distrikts-Noreg nyt godt av dei kronene dei reisande legg att. For ein del distrikt er turismen viktigaste inntektskjelde.

Og reisemarknaden er blitt global. Nordmenn reiser verda over for opplevingar, rekreasjon og helsehjelp.
Vår Regjering legg alt til rette for at denne utviklinga skal utvikle seg vidare, alt medan ein freistar å redusere dei klimaproblem som auka reiseverksemd fører med seg.

SARS-epedimien i 2003 er gløymd, berre spesielt vakne menneske minnest den no. Men så kjem varsel om at 2019nCoV, ein ny variant av samme coronavirus spreier seg fortare enn ein vinn å registrere.

Frå millionbyen Wuhan i Kina har viruset blitt registrert over kontinent etter kontinent, og helsevesenet står hjelpelause og vonar på ein vaksine som skal kome om eit års tid. Sjølvsagt er det dei som frå før har dårleg helse og lågt imunforsvar som først bukkar under, men også friske og oppegåande menneske blir offer for den frykta lungesjukdommen.

Våre helsemyndigheiter ventar med å frårå utanlandsreiser, «vente og sjå» er haldninga. Og kva er alternativet? Stenge grensene? Tusenvis av norske ungdommar tek si utdanning og studerer i land der epidimien er i full utvikling. Vi ser på TV
menneskemengder som strenar kring med munn-/nasebind, kontrollpostar som måler feber på passerande på veg til tog-, båt- og flyreiser.

I Wuhan skal det på ei veke byggast eit «sjukehus» for å ta unna alle dei tusener ein reknar med som må isolerast og gjevast den helsehjelp som er til rådvelde. Bøn om meir medisinar går ut, men ingen livreddande medisinar er så langt tilgjengeleg.
«Felt-lasarett» er vel rettaste namn på det nye «sjukehuset».

Det vil bli ein eksplosiv vekst i trafiikk av folk som vil reise til tryggare destinasjonar, og dette vil føre til at epidimien speier seg raskare.

Statsminister Ena Solberg er vår fremste talsperson for Globalisme. All hennar utanrikspolitikk har vore å olje hjula i den politikken som kunne dra landet vårt med på vegen mot den verdssamanslåinga som har ei verdsregjering - utan demokratisk kontroll. som mål.

Om landet vårt skal reddast som eit fritt demokrati med kontroll over eigne grenser og resursar, må Senterpartiet kome til
makta saman med andre som også vil sette bom for ei utvikling som er utan styring.

NAV-skandalen er berre blåbær å rekne mot den skandale som Globalisme-politikken fører til. Mistillit i Stortinget bør kome med det mål å endre utviklinga før det er for seint.

Dette er mi personlege meining, og så får lesarane gjere sine eigne vurderingar. Men det hastar!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags