Nei til sentralisering i fengselsvesenet

Av
DEL

LesarbrevDet kjem dessverre stadig nye framlegg om skadeleg sentralisering av offentleg verksemd i Noreg. Det siste er ei konseptvalutgreiing for fengselsvesenet på Vestland, der eit av alternativa som vert trekt fram er nedlegging av Vik fengsel. Av omsyn til både tilsette og innsette bør dette framlegget leggjast dødt.

I oktober i fjor åtvara leiaren for fagforeininga Politijuristene om at framlegg om nedlegging av fengsel kan føre til lange soningskøar. Resultat frå eit stort forskingsprosjekt på norsk og britisk kriminalomsorg gjennomført av Universitetet i Agder og University of Cambridge i England syner at det å stå i soningskø kan opplevast som verre enn å vere i fengsel.

Vi må slå ring om Vik fengsel, mellom anna for å unngå ein lenger soningskø. Det er viktig for både dei straffedømte og resten av samfunnet at straffedømte så raskt som mogleg etter endeleg dom har falt kan byrje på å sone sin straff.

Stortingspolitikarane bør merke seg at fagforbunda Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund og Kriminalomsorgens Yrkesforbund streika mot fengselsnedleggingar i fjor, og at dei no varslar om overfylte fengsel og lange soningskøar. Stortinget må ta ansvar og sørge for at Vik fengsel består.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags