Distrikt: KrF gjer ein skilnad!

Trude Brosvik.

Trude Brosvik. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

God landbruksavtale og 5 mill til nasjonal forskingsstasjon for planteutvikling på Leikanger er stas!

I regjeringserklæringa fekk KrF gjennomslag for mykje av eigen landbrukspolitikk, ma at det ikkje berre handlar om næringa åleine, men også om distriktspolitikk.

Jordbruksforhandlingane førte for første gong til auka utjamning mellom bønder og andre grupper i kroner og ikkje i prosent.

Sterk satsing på frukt, bær og grønt er godt nytt for driftige vestlandsbønder. Diverre uten tak på produksjonen, så her må ein hive seg på!

Innanfor melkeproduksjon vart det gjort grep for å rette opp mindre gode struktur-grep frå då Listhaug styrte forhandlingane. Kanaliseringspolitikken er viktig for KrF, slik at maten vår i større grad kan produserast på lokalt for. Dvs at styrken vår her vest, med gras og beite, vert utnytta til kyr og sau. Medan dei flate og fine areala austpå kan gje gode kornavlingar.

Så konklusjonen til ein glad og letta fylkesordførar for Vestland KrF er: Takk til eit KrF-styrt landbruksdepartement og til dei to faglaga for ein brukandes avtale for distrikta og for bøndene!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags