DEBATT ONSDAG: Ni av ti kvinner på Vestlandet lever under fattigdomsgrensa

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar. 

Berekningar syner at ni av ti kvinner på Vestlandet har lågare inntekt enn definisjonen for fattigdomsgrensa i Noreg. Sjølv om likestillinga har komme langt, får dagens pensjonistar utbetalt sin pensjon basert på kva dei tente før.

Dermed er kjønnsrollene frå fleire tiår tilbake med på å skape forskjellar den dag i dag.

Det er tragisk at man ikkje har klart å retta opp pensjonsrettane på alle desse åra, men går vidare på same opplegg som diskriminerer arbeid som kvinnene har gjort når dei bygde opp landet.

Likskap, fridom og retten til ikkje å bli diskriminert, er grunnleggjande prinsipp i norsk og internasjonal rett.

Til trass for dette ser vi store forskjellar når det gjeld kva kvinner får utbetalt i pensjon i forhold til menn.

Årsaka er at kvinner historisk sett har innretta seg i forhold til at ekteskap var kjelda til forsørginga – mannen stod for pengeforsørginga, mens damene tok seg av omsorgsforsørginga.

Slik er det ikkje lenger, og kvinner som i god tru innretta seg etter dei tradisjonelle kjønnsrolle-mønstra endar ofte som pensjonistpara.

For einslege utgjer minstepensjonen nå ca. 190 000 kroner i året. For gifte og sambuande der båe to er minstepensjonistar, utgjør minstepensjon ca. 170 000 kroner.

Dette er beløp som er så lågt at man nå snakkar om fattigdomsproblematikk. Fattigdomsgrensa i Norge er på 216.000,- kroner, så då blir differanse på nærare 50.000,- kroner.

Vi må spørje om dette er akseptabelt og kvifor?

Pensjonistpartiet i det nye Vestland fylke meiner at dette ikkje er verdig og at det er på tide å løfta pensjonane kraftig. Det må vere mogleg å leva av trygda.

Derfor vil vi saman med alle dei andre lokallaga i Pensjonistpartiet landet rundt, arbeida for at trygdeoppgjeret til våren vil gi alle pensjonistar eit løft som vil bidra til ein betre kvardag.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags