Regjeringa må ta folk på alvor

Av
DEL

LesarbrevI desse dagar ser vi eit politisk hardkøyr bort frå nærleik og lokalkunnskap til fjernstyring og framandgjering i vanlege menneske sin kvardag.

Senterpartiet står som einaste politiske kraft for vern om lokaldemokratiet, og framgangen på gallup viser at dei har rørt ved ein streng som gjev atterklang i den norske folkesjela.

No må Solberg-regjeringa besinne seg og ta folk på alvor, elles ber det mot ei utvikling der folk tek seg til rette av di dei ikkje kan nå gjennom i det sentraliserte byråkratiet.

Det er ikkje vanskeleg å oppdage at i rikspolitikken er det hovudsak å spele «storkar» der ein viftar med sjekkheftet. At ein skal «kjøpe» seg plass i Tryggingsrådet for ein periode, går det an å bli teken på alvor for slik åtferd? Å godsnakke med «røvarstatar» for å få stemma deira er på linje med praksisen vi har sett i fotball- og idrettsverda: Alt er tillate for å få plassert meisterskapen der pengane set lausast.

Utanriksministeren fortel at det er så viktig for Noreg å få den ledige plassen i Tryggingsrådet, for vi kan vere med på å gjere Rådet betre i stand til å løyse vanskelege spørsmål. Ho ser heilt bort frå at problemstillingane krev samstemde løysingar, noko som ikkje blir problemfritt når USA, Russland og Kina set ved same bordet.

Statsbudsjettet er framlagt og det vert plukka bit for bit, noko bra, noko mindre bra. Minner om dei gamle vurderingsbøkene i barneskulen: «kan bli betre».

Ein fotnote nedst på budsjettet fortel at pr. dato er staten sine forpliktingar svimlande ti tusen milliardar norske kroner.
Her er trygdeordningar og pensjonsforpliktelsar lagde til grunn i ei framskriven oppstilling. Nokon som bad om ordet for å få lys over denne viktige saka?

Dette er meir enn det pensjonsfondet kan dekke – spesielt med fallande olje/gass-inntekter.

For å strø salt i såra, fortel Slyngstad at ved ei ny finanskrise kan 40 % av oljefondet bli borte over natta. Det er berre «monopolpengar» vi stør oss på. Like fullt oppfører Statsministeren seg som Bør Børson i ein globaliseringsrus som går under radaren for alle, bortsett frå SP sin leiar.

Kan han få gjennomslag saman med andre opposisjonsleiarar, bør Solberg-regjeringa få avløysing før det er kome heilt ut av styring og kurs. Slik er mi meining.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags