Raude varsellamper hjå alle blålysetatane

TRYGG: Vissheita om å vere trygg når det utenkelege skjer, er det viktigaste i eit lokalsamfunn. For når politiet må forsvare langturen frå Sogn til Bergen, lavikdøler og brannmannskap protestera mot nye og dårlegare forslag, så er det nettopp tryggleiken vår det handlar om, skriv Emma Berge Ness i denne artikkelen.

TRYGG: Vissheita om å vere trygg når det utenkelege skjer, er det viktigaste i eit lokalsamfunn. For når politiet må forsvare langturen frå Sogn til Bergen, lavikdøler og brannmannskap protestera mot nye og dårlegare forslag, så er det nettopp tryggleiken vår det handlar om, skriv Emma Berge Ness i denne artikkelen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Det har vore litt av ei veke i Sogn og Fjordane.

26. november kunne ein lese om personen som blei køyrd 25 mil for å bli sett i arresten. Bilturen tok 6 timar, og heile tre ulike politipatruljar, tre legevaktsentralar og ein ambulanse blei involvert.

Politisjefen i Sogn og Fjordane skildrar hendinga som «eit godt døme på utfordringane me står overfor». Operasjonsleiaren i Vest politidistrikt sin kommentar var at «det vart nok ein lang tur for dei som transporterte han».

1. desember kunne ein lese om dei over 250 menneska som møtte opp i Lavik for å syne sin motstand mot det føreslegne kuttet i ambulansetenesta.

Det endelege vedtaket om skjebnen til ambulansetilbodet i Lavik er det opp til styret i Helse Førde å avgjere i desember. Dette er vanleg praksis sidan den politiske styringa over sjukehus, som tidlegare låg hjå folkevalde i fylkestinget, vart flytta til eigar-utnemnde styremedlemmar.

3. desember kunne ein lese om talspersonen for brannmannskapet i Jølster kommune, som tykkjer at forslaget til ny struktur er så kritikkverdig at han trugar med å slutte. Forslaget til ny struktur kjem naturlegvis på bakgrunn av den nye storkommunen.

Kort fortalt skal det meste omstrukturerast. Til det større, og visst nok til det betre. Men verken store strukturar eller robuste fagmiljø er det viktige når kriser skal hindrast, brannar sløkkast og liv reddast. I beredskapssituasjonar er tid og lokalkunnskap dei avgjerande faktorar.

Det hjelp ikkje at ein alarmsentral i Bergen kan fortelje at hjelpa er på veg, dersom hjelpa ikkje veit kvar den trengst. Og dersom hjelpa ikkje når fram tidsnok, er det heilt uvesentleg kor robust hjelpemannskapet er.

Brannvesenet er den mest desentraliserte naudetaten vi har, og stadig oftare dei som når først fram til ei ulykke. Arbeidet som vert gjort av brannvesenet er livsviktig og beundringsverdig.

I større system vert avstandar lenger, ansvar fjernare og folk mindre. Det ser vi både i politidistrikt og helseføretak. Eg deler brannmannskapet på Jølster si uro for at omorganiseringa av brannvesenet i Sunnfjord vil gje eit dårlegare tilbod.

Kommunalsjefen i Sunnfjord møtte kritikken med å fortelje at han «ikkje kjenner seg att i påstanden om at han og resten av administrasjonen ikkje har lytta til brannmannskapa i Jølster». Eg håpar at administrasjonen no tek grep som viser at dei faktisk lyttar til fagfolka.

Vissa om å vere trygg når det utenkelege skjer, er det viktigaste i eit lokalsamfunn. For når politiet må forsvare langturen frå Sogn til Bergen, lavikdøler og brannmannskap protestera mot nye og dårlegare forslag, så er det nettopp tryggleiken vår det handlar om.

Det har verkeleg vore litt av ei veke. Nok ein gong set fagfolk og vanlege folk fokus på kor viktig det er at hjelpa er nær folk. Eg får sei det same om bodskapet som om blålysetatane: eg håpar det når fram der det trengst før det er for seint.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags