Lokalpolitikarar frå drakamp til handling

RELASJONAR: For å få til ei god barnevernsteneste må tilsette ha tid til å skape gode relasjonar til barn og familiar som treng hjelp, skriv artikkelforfattaren.

RELASJONAR: For å få til ei god barnevernsteneste må tilsette ha tid til å skape gode relasjonar til barn og familiar som treng hjelp, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevGratulerer med eit av landets viktigaste verv! Etter ein periode med dragkamp om posisjonar og makt, håper vi no at du som lokalpolitikarar er klar til å bidra til at kommunen du bur i skal bli ein best mogleg stad for alle. Vi lever våre liv i kommunen, og god kvalitet på dei ulike tenestene er avgjerande for alle kommunen sine innbyggjarar.

Fellesorganisasjonen FO er ein fagforeining og eit profesjonsforbund for 30.000 barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og velferdsvitarar. Våre medlemmer jobbar i dei fleste av kommunens velferdstenester. I helse- og sosialsektoren, i barnevernet, i skolen, i tenester til personar med utviklingshemming, i rusomsorga, i psykisk helsevern, i eldreomsorga, i arbeid med flyktningar og i NAV.
Vi vil gje deg nokre råd på vegen, når du no som kommunepolitikar skal inn i jungelen av harde prioriteringar. Dette er saker som gir høg samfunnsøkonomisk gevinst om dei vert prioritert og det kan du som kommunepolitikar bidra til ved å:

Styrk barnevernet: Våre medlemmer fortel om ein arbeidskvardag der dei slit med å strekke til fordi dei er for få på jobb. For å få til ei god barnevernsteneste må tilsette ha tid til å skape gode relasjonar til barn og familiar som treng hjelp. Tilsette har behov for tilgang på gode hjelpetiltak som bidrar til at barn og foreldre får rett hjelp. Vi må også ha tid til rettleiing og kompetansebygging. Innfør bemanningsnorm – maks 15 barn pr. tilsett.

Sats på trygt oppvekstmiljø og ein god skulekvardag:

Alt for mange unge slit sosialt eller med psykiske vanskar. La barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar bruke sin kompetanse til å fange opp barn og unge som av ulike grunnar strevar, og legge til rette for eit godt psykososialt læringsmiljø for alle barn. Slik førebyggjer vi utanforskap – noko som er god samfunnsøkonomi.

Gi personar med utviklingshemming moglegheit til å delta på lik linje med andre:

Rett kompetanse er avgjerande for tenester med god kvalitet, og nok folk på jobb er avgjerande for at brukaren blir sett og får nødvendig oppfølging. Vernepleiarar har kompetanse som trengs for å forstå den enkelte sitt behov og iverksette faglege gode tiltak. Vernepleiarar bør difor utgjer kjernekompetansen i tenesta til menneske med utviklingshemming.

Kjemp mot auka fattigdom.

Barnefattigdommen aukar. Å holde barnetrygda utanfor berekning av sosialhjelp gir litt meir å rutte med for dem som har minst, og motverker auka forskjellar. Sørg for at alle bur trygt. Fattigdom bidrar til stigmatisering og utanforskap, og får konsekvensar for både foreldre og barn.

Behald velferdstenestene i kommunal regi.

Ikkje overlat velferd til kommersielle aktørar. Ved at kommunen driver tenestene sjølv, vil ein sikre tilsette trygge lønns- og arbeidsvilkår, behalde kompetanse og gode fagfolk, samt sikre kontroll over eiget tenestetilbod.

Gje oss tryggheit på jobben.

Du er vår arbeidsgjevar. Vi vil ha det trygt på jobben. Våre medlemmer er dei yrkesgrupper som er mest utsett for truslar, vold og hets. Vi ønskjer at du skal stå opp for oss når vi trenger det.
Du har påtatt deg ei viktig rolle med å styre kommunen. FO sine medlemmer og vi som tillitsvalte har ein unik kunnskap og kompetanse om det som rører seg i velferdstenestene - bruk oss. Vi veit mykje om korleis dei som slit mest i samfunnet vårt har det, og kva som kan gjere deira liv betre. I dette arbeidet ser vi kor viktig det er å få på plass eit godt samarbeid mellom tilsette, tillitsvalte og politikarar.

Lykke til i jobben med å gjere kommunane i Sogn og Fjordane til ein godt stad å leve og arbeide i.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags