Utvide aldersgrensa for ungdomskortet frå 20 til 23 år

Av
DEL

LesarbrevArbeidarpartiet vil utvide aldersgrensa for ungdomskortet til 23 år, fordi vi vil at Vestland skal vere det beste fylket for unge.

I dag kan ein bruke ungdomskortet i Sogn og Fjordane fram til du fyller 20 år medan det i Hordaland gjeld til du har fylt 21 år. Unge menneske reiser ofte kollektivt og miljøvenleg. Vi jobbar for at det, uansett kvar du bur, skal vere eit godt buss- og ferjetilbod. Nokre har og eit viktig togtilbod.

Ei stemme på Arbeidarpartiet er ei stemme for at ungdomskortet skal vare lenger enn i dag. Vi har eit mål om at alle skal kunne reise med ungdomskort fram til du fyller 23 år.

Det kan vere dyrt å reise med bussen som ung. Nokre born og unge kjem frå familiar med god råd, medan andre ikkje har så mykje å rutte med. Vi meiner at storleiken på lommeboka til foreldra ikkje skal sette ein stoppar for at ungdom kan reise rundt i fylket – anten det er til skule, jobb eller på fritida. Enkelte vil ta seg ein tur til byen i helgene medan andre har fått vener på skulen som bur eit stykke unna.

Det er viktig at mange unge opplever at det er enkelt og rimeleg å reise kollektivt. Som vi veit, har det ein positiv effekt på klimagassutsleppa og lokal forureining, at folk vel å reise miljøvenleg. Då trur vi at det er lurt dersom unge menneske blir vant til å reise kollektivt tidleg i livet.

Fram til 2030 må verda halvere alle klimagassutsleppa. Korleis vi reiser og flytter på oss spelar ei avgjerande rolle for om vi når dette målet. Det er viktig at bussar og ferjer brukar miljøvenleg teknologi, men vel så viktig at så mange som mogleg bruker tilbodet og at det er ikkje er for dyrt.

Ei stemme til Arbeidarpartiet er ei stemme til eit meir miljøvenleg fylke og eit betre fylke for ungdom.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags