Ferietankar om gratis skulemåltid

Av
DEL

LesarbrevVi budde på eit flott hotell ved Fornebu under Norway-cup i sommar. Der nytta tilsette i suksessrike bedrifter i området hotellet til lunsjen sin kvar dag. Dei såg både veltrena og velkedde ut, og lunsjen såg ut til å vere sunn med fisk, kylling og salat kvar dag.

Arbeidarpartiet sitt forslag om gratis skulemåltid er kjempebra. Det er eit konkret tiltak som vil vera synleg og som vil virke frå første dag. Elevane får betra læringsevna si, og helseeffekten på sikt er positiv. Mange titals tusen skuleelevar møter på skulen kvar dag utan å ha ete frukost, eller utan skikkeleg matpakke!

Det er og eit forslag som viser typisk Ap politikk ovanfor veljarane: Eit slikt måltid er sosialt utjamnande på den måten at elevane vert mindre avhengige av omsorgsfulle foreldre når det gjeld mat. For det kan vel tenkjast at slik omsorg varierer med foreldre si utdanning, inntekt og tid dei har til å lage mat eller lære borna og ungdomen om kosthald.

Dette vil Ap, medan Høgre ikkje har tru på dette. Dei synest det vert for dyrt, og trur som i andre samanhengar på mennesket si fortreffelege evne til å ta gode og rette val utan særleg regulering.

Vi trur at bedrifta i Fornebuveien har ordninga med lunsj til dei tilsette fordi den trur det er bra for dei tilsette og dermed bedrifta. Norge bør difor av same grunn ta seg råd til å gi eit gratis skulemåltid fordi det vil vere bra for elevane og skulen!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags