Uhaldbart av politiet

Politiet sin operasjonssentral i Florø vart lagt ned 7. november 2017.

Politiet sin operasjonssentral i Florø vart lagt ned 7. november 2017. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevIfølge Politiet på sentralbordet til 02800, skal dei tidlegare telefonproblem vere løyst.

Tysdag ringde eg nummeret. Det tok over 7 minutt før ei hyggeleg dame svarte meg. Ho skulle sette meg over til Florø, der personen eg var ute etter, oppheldt seg.

Etter ein del fram og tilbake, med forsøk på «andre» nummer i Florø, måtte ho gi opp. Ho beklaga, og sa at kanskje dei var til lunsj, eller noko, ho viste ikkje.

Eg prøvde å få hans kontornummer. Det viste seg at han ikkje har det. E-post kunne ho heller ikkje finne/gi opp. Fekk til slutt eit anna kontornummer eg kunne prøve sjølv, seinare, i tilfelle dei hadde lunsj ... Fekk ikkje svar. Total samtaletid frå eg ringde opp, til ho gav meg eit telefonnummer tok det 17 minutt 28 sekund. Eg kallar dette uhaldbart!

Er heller ikkje imponert over kunnskapen hennar om distrikt/geografi «der oppe», som ho sa. Det gjekk litt vel i surr ang. Førde/Florø/Sogn/Sunnfjord/Sogn og Fjordane.

Har tidlegare nemnt i Firda, at eg neppe kjem til å melde frå om noko eg ser av krim/anna eg måtte komme over. Dette var 3. gong i år eg har prøvd å komme i kontakt med lokalt politi, utan å lykkast.

Skal legge til at om eg ser noko som GJELD LIV ELLER DØD, RING 112, skal eg ringe det nummeret. Ver ikkje redd.

Lars Norvald Fossen

Lars Norvald Fossen Foto:

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags