Politiet var innanfor regelverket

GRUNDIG: For meg er konklusjonen frå Spesialeininga ikkje overraskande, og eg ser at dei har lagt stor vekt på det grundige førearbeidet som vart gjort i dialog med Flora vidaregåande skul., skriv Arne Johannessen i artikkelen

GRUNDIG: For meg er konklusjonen frå Spesialeininga ikkje overraskande, og eg ser at dei har lagt stor vekt på det grundige førearbeidet som vart gjort i dialog med Flora vidaregåande skul., skriv Arne Johannessen i artikkelen Foto:

Av
DEL

LesarbrevSpesialeininga for politisaker sin konklusjon er klar – politiet var innanfor regelverket.

Den mykje omtala narkotikaførebyggjande dagen på Flora vidaregåande skule den 6. november 2018 vart meldt til Spesialeininga for politisaker den 27.11.18.

Elevorganisasjonen meinte at politiet nyttar narkotikahundar i strid med regelverket og retningslinjer gjeve frå Storting og justisdepartement. Bruk av narkotikahundar på skular er eit krevjande tema, difor vart det lagt mykje arbeid i planlegginga og dialogen i forkant for å få ein god gjennomføring av den førebyggjande dagen.

Eg er glad for at saka no er vurdert frå Spesialeininga, ikkje minst ut frå at det var sterke meiningar om politiet sitt arbeid., og at for politiet er det viktig å ha legitimitet for sitt arbeid i alle miljø.

Spesialeininga har gjort ein grundig gjennomgang av heile saka, og har konkludert med at politiet var innanfor regelverket. Elevorganisasjonen har ikkje påklaga vedtaket innan fristen, så no er dette ein endeleg konklusjon.

For meg er konklusjonen frå Spesialeininga ikkje overraskande, og eg ser at dei har lagt stor vekt på det grundige førearbeidet som vart gjort i dialog med Flora vidaregåande skule.

Lokalt politi og skulen skreiv den 23.8.18 ein samarbeidsavtale om det førebyggjande arbeidet. Det vart gjeve god informasjon til elevane i forkant av den førebyggjande dagen og det var planlagt med bakgrunn i dei retningslinjer som gjeld for bruk av narkotikahund til førebyggjande arbeid.

Sjølv om eg som politileiar er godt nøgd med konklusjonen til Spesialeininga, har me etterlyst endå klarare retningslinjer frå Politidirektoratet for bruk av narkotikahund i samband med førebyggjande arbeid på skular. Det er gledeleg at Politidirektoratet i intervju med NRK Sogn og Fjordane den 5.12. varslar at retningslinjene skal vera klar før årsskifte.

Min oppleving er at både foreldre, elevar og skular ønskjer eit godt narkotikaførebyggjande arbeid og at politiet er aktive og synlege i dette arbeidet. Men det er også viktig at vårt arbeid har legitimitet i alle miljø og at det aldri er tvil om det er eit reint førebyggjande arbeid eller om det er ein narkotikaaksjon basert på mistanke om bruk eller omsetning.

Politiet i Sogn og Fjordane har ikkje nytta narkotikahund i det førebyggjande arbeidet sidan den 6.11.2018, men me ser eit klart behov for dette, difor er det bra at Politidirektoratet sine nye retningslinjer straks kjem. Då vil me ha eit oppdatert grunnlag for våre vurderingar i lag med dei vidaregåande skulane i vårt felles viktige førebyggjande arbeid for å redusera skadeverknaden av narkotika.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags