Oppretthald passkontora!

Av
DEL

Lesarbrev

Når Politidirektoratet vil halvere talet på passkontor, føyer det seg inn i rekka av skadeleg sentralisering av offentlege tenester. Dersom framlegget blir vedtatt, vil det føre til at fleire må reise lenger for å få pass, noko som igjen vil føre til auka transportbehov og meir forureining.

Justisdepartementet si oversikt på NRK si nettside, viser at det er passkontora i Fjaler, Gloppen, Høyanger, Lærdal, Stryn, Vågsøy og Årdal som skal leggjast ned. Dette er totalt uakseptabelt.

Avfolkinga av Distrikts-Noreg er ikkje ei naturlov, men kjem frå den politiske og økonomiske sentralmakta si sentralisering ut ifrå snevre og korttenkte økonomiske perspektiv. Raudt vil at heile landet skal ha offentlege tenester. Då er det eit vilkår at offentleg sektor er tilstrekkeleg desentralisert. Framlegget om å halvere talet på passkontor må derfor avvisast.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags