Politibemanning tilpassa utfordringane: 2,6 politi pr. 1000 er truleg meir rett enn 2,0

AUKE: Dersom me hadde fått ein oppdatert bemanningsplan basert på endringar som tek av politikrafta og andre utviklingstrekk, hadde ein garantert konkludert med eit behov godt over 2,0 pr. 1000, skriv politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen

AUKE: Dersom me hadde fått ein oppdatert bemanningsplan basert på endringar som tek av politikrafta og andre utviklingstrekk, hadde ein garantert konkludert med eit behov godt over 2,0 pr. 1000, skriv politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
Dersom ein hadde hatt ein oppdatert analyse i høve til bemanningsbehovet basert på dei kriteria som låg til grunn for bemanningsutvalet sin rapport, og supplert med endringar sidan 2008, hadde ein truleg enda på ca. 2,6 politi pr. 1000.

Kort tilbakeblikk: I samband med statsbudsjettarbeidet til Stortinget i 2004–2005 spelte Politiets Fellesforbund (PF) inn behovet for ein bemanningsplan for politiet. Ein hadde særleg god dialog med Knut Storberget om saka, han vart justisminister frå hausten 2005 og arbeidet vart godt følgt opp med eige prosjekt som leverte sin rapport 2008. Som forbundsleiar følgde eg heile prosessen frå innspelet til Stortinget, som deltakar i styringsgruppa for prosjektet og oppfølginga med auka opptak til PHS til 720 for å nå måla i rapporten.

PF hadde laga ein samanlikning av politidekninga i ulike land i Europa. Noreg hadde ein av dei dårlegaste dekningane pr. 1000.
Fokuset var å auka politikrafta (eit omgrep som Knut Storberget vart svært glad i). Ny ATB vart forhandla fram med regelen om 11 t kvile i 2005, det synleggjorde behovet for meir politi for å ha same politikraft. Politiet jobba for mykje overtid, så HMS i stort og smått vart eit viktig argument. Fokuset på å få meir lik polititeneste over heile landet med aktiv teneste 24/7 og ikkje beredskapsvakt vart vektlagt, og ikkje minst endra kriminalitetsbilde og større krav til politiet.

Kva har endra seg sidan 2008? Det undrar meg at ein reduserer opptaket til PHS utan å ta ein ny oppdatert vurdering av det reelle behovet for politikraft. Ein bør ta ein skikkeleg analyse på alle vesentlege endringar som tek av politikrafta/kapasiteten etter 2008- og fram til i dag. Som døme kan ein trekka fram:


• Endra krav til opplæring for IP (timar med opplæring)
• Bemanninga på operasjonssentralane etter 22.7.
• Framleis fleire distrikt/regionar med beredskapsvakt.
• For mykje bruk av ATB sine unntak i høve 11/8 t kvile
• Etterforskingsløftet med obligatorisk årleg opplæring
• Kvalitetskrav i politireform
• Politikontaktar
• Tilrettelagde avhøyr
• Nettovergrep og bildedeling – 350 % auke frå 2014–2018
• Krav og forventningar frå samarbeidspartnarar
• Auke på 75 % innan seksuallovbrot 2014–2018

Dersom me hadde fått ein oppdatert bemanningsplan basert på dette og andre utviklingstrekk, hadde ein garantert konkludert med eit behov godt over 2,0 pr. 1000. Sjølv om ein pr. no har 1,99 når ein tek med særorgan og PST, er det framleis 7 politidistrikt som berre har ein bemanning på mellom 1,5 og 1,67 pr. 1000. Sjølv leiar eg ein GDE som har 1,05 politi pr. 1000 innbyggjar.

Opptaket til Politihøgskolen er politisk styrt ved at ein set eit tal i statsbudsjettet, og det har variert frå 240–720 dei siste 20 åra. Dette er for store skiftingar. Sverige gjorde ein stor feil ved å senka opptaket til sin politiutdanning på slutten av 1990 talet, og hadde nokon år tidleg på 2000 talet utan opptak til politiutdanninga. Dette måtte dei slita med i mange år. No har dei fokus på å utdanna 10.000 nye.

Skal ein halda oppe kvaliteten og kontinuiteten på politiutdanninga må det vera ein langsiktig planlegging basert på analyse over behov for politikraft. Noko av grunnlaget for eit politisk styrt opptak er også at då må ein tilsetja alle som vert utdanna, elles er det ingen samanheng mellom politiske føringar og realitetar.

Politiet har mange ulike oppgåver og store forventningar frå samfunnet om å løysa alt med stor kvalitet. Men ein må aldri gløyma at sjølve berebjelken i samfunnsoppdraget til politiet er vakt- og beredskap ved politipatruljen sin innsats. Sidan 2008 har politipatruljen stadig fått større ansvarsområde og nye oppgåver, som politiarbeid på staden (PPS).

I dei fleste politidistrikt er det også færre tilsette som er del av politipatruljen. Når ein greier ut politibemanninga burde ein starta med ein analyse av behovet for politi for å dekka behovet innan vakt- og beredskap (politipatrulje), så kan ein gå vidare til dei andre primæroppgåver.

Arbeidsgjevar og organisasjonane bør så raskt som mogleg finna fram bemanningsutvalet sin rapport av 2008 og oppdatera den med alle kjente utviklingstrekk fram til i dag, så får me sjå kva bemanningstal ein endar på. Då kan ein få ein realistisk debatt i høve til behov for politistudentar pr. år dei neste 10–15 åra. Det er viktig med fakta og gode analysar som motvekt til lettvint politisk retorikk.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags