Gjenbruk av plast – nye arbeidsplassar

PLASTINNSAMLING:

PLASTINNSAMLING: Foto:

Av
DEL

MeiningarNo er vi i gang med eiga plastinnsamling her i Sunnfjord, ca. 14 tonn i løpet av januar. Dette er veldig positivt. Det som eg meiner ikkje er så positivt, er at først vert plasten transport til Oslo, for deretter vidaresendt til Tyskland for gjenvinning. Kva med all Co2 utslepp og kostnader som transporten frå Norge til Tyskland inneber.

Har vi ikkje teknologi her i Norge til å gjenvinne plasten, så må vi skaffe oss denne teknologien og få berekraftig og miljøvennleg industri av dette. Den nye Sunnfjord kommune må no få tilgang på så mykje næringsareal i den nye kommunen, at det kan ikkje vere vanskeleg å få etablert eit næringsbygg. Der ein kan ta hand om all plasten på Vestlandet, gjerne i heile Norge til gjenvinning og ny produksjon i staden for å sende den til Tyskland.

Sogn og Fjordane og Sunnfjordligg ikkje midt i kongeriket Norge, men det ligg langt meir sentralt i nasjonal samanheng, enn til dømes Oslo, som er ein utkant av Norge. Er det ikkje nye arbeidsplassar ein er ute etter? Utflytting av offentlege arbeidsplassar frå Oslo til distrikta, som vart lova av den sittande Regjering, ser ikkje ut til å bli rare greiene. Her har lokalpolitikarane vorte førte bak lyset. Og Regjeringspartia er fornøgde over at dei greidde å få kommunane til å slå seg saman, utan at dei held lovnadane sine om å gje oppgåver ut til distrikta.

Ja når ein les faktaboksen i Firda av 26. februar, då ser ein kva utfordringar framtidig avfallsanlegg har. Her er ikkje snakk om småsummar som må investerast. Og kvifor ikkje sjå dette i ein større nasjonal samanheng, ved å ta hand om all plasten på Vestlandet, eller i Norge, og legg dette i eitt anlegg i Sunnfjord.

No må Sunnfjord kommune sjå stort på det. Har ikkje Sunnfjord kommune plass til dette, så må ein finne ein annan stad i Sogn og Fjordane fylke. Ei slik bedrift må no ha behov for både kompetansearbeidsplassar og arbeidsplassar på alle nivå. Dette som alle er ute etter.

Eg utfordrar på nytt firarbanden; dei fire ordførarane i Førde, Jølster, Naustdal og Gaular. Grotle, Klakegg, Myrvang og Råheim med varierte politiske fargar å ta fatt i denne saka. I tillegg må det vere naturleg å ha med dagleg leiar Rolf Sanne-Gundersen i Sunnfjord Utvikling AS.

De har 10 månader på dykk no til å få gjort noko. Etter den 01.01.2020 har de gjerne ikkje så mykje politisk makt.

  Staten skal bruke pengar på å rydde plast i Sogn og Fjordane 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags