Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Saman med siste utbetalingsmeldinga fekk mange pensjonistar ei førjulshelsing frå NAV.
«November 2016 er den siste måneden du mottar utbetalingsmeldingen fra NAV i posten. NAV digitaliserer nå utbetalingsmeldingene for alle pensjonister og uføretrygdede. NAV gjør dette fordi Regjeringen pålegger alle statlige virksomheter å digitalisere sine tjenester»
«Dette gjelder også for deg som har reservert deg mot digital kommunikasjon fra det offentlige».
Elles vert det forsikra om at trygdeutbetalingane skal halde fram som før, til vanleg tid og til vanleg konto! Det var då ei trøyst. For datakunnige er der ei orientering om korleis ein loggar inn og finn fram, likeins er der eit par telefonnummer som kan brukast, dersom ein har lyst til å bruke ein føremiddag på å høyre dårleg musikk medan ein rykker fram i køen.
No er vi i Pensjonistforbundet svært klår over at her er mange pensjonistar, og etter kvart fleire og fleire, som har tilgang til, og kan bruke internett. Dette skuldast ikkje minst at mange pensjonistlag har vore flinke med kursverksemd. Pensjonistforbundet og lokallaga har vore positive til ei gradvis og tilpassa digitalisering, der omsynet til brukarane er retningsgjevande.
I staden opplever vi at «Regjeringen pålegger alle statlige virksomheter å digitalisere sine tjenester». Dette vert gjort medan alle som lever utanfor sine eigne IT-bobler veit at nokre hundre tusen eldre menneske ikkje kan bruke dei digitale tenestene, at mange av dei ikkje har sjanse til å kunne gjere det nokon gong, at mange ute i distrikta endå manglar eller har dårleg internettilgang.
Vi høyrde akkurat i media at berre 30 % av oss som bur i Sogn og Fjordane har fullgodt internett. Det er også same regjeringa som etter det eg høyrer, har halvert tilskotet til internettutbygging i distrikta i 2017-budsjettet. Same styresmaktene har også late Altinn forfalle, akkurat no når bruken var rimeleg innarbeidd.
Eg går ut frå at her skal sparast pengar, kanskje kan også nokon trylle fram eit miljøargument. Sanninga er vel helst at dette tiltaket råkar ei gruppe som ikkje har vore van med å stille store krav, ei gruppe som ikkje demonstrerer på Karl Johan, som ikkje startar Facebook-aksjonar, som ikkje mobiliserer First House for å drive lobbyverksemd. Her kan ein trygt vere smålege og spare på skillingane, medan dalarane forsvinn i prestisjeprega og mislykka IT-prosjekt, ikkje minst i NAV.
Det er vel fåfengt å protestere, då vert ein rekna som ein gammaldags bakstrevar. Vi skal helst alle stå og rope hurra når «eliten» set sine idear ut i livet, anten det no gjeld digitalisering, sløkking av FM-nettet, eller å fjerne laurdagsposten. Eg har også høyrt rykte om at ein nærverande kommune skal digitalisere all kontakt med innbyggarane. Får vone det er vondsinna rykte. Kanskje burde nokon sjekke kva som må til for å oppfylle kravet om universelt tilgjenge.
Endå ein gong: Digitalisering er bra der det er tenleg også for brukaren. Men vi må sette menneska og ikkje teknologien i sentrum.