Passelege mengder lekser!

LEKSE: I staden for å ha ein lenger skuledag, ville eg heller hatt «passelege» mengder med lekser. Kor mykje som er passeleg, må kvar enkelt klasse, lærar og rektor diskutere og finne ut kva som er best for deira elevar. Illustrasjonsfoto:

LEKSE: I staden for å ha ein lenger skuledag, ville eg heller hatt «passelege» mengder med lekser. Kor mykje som er passeleg, må kvar enkelt klasse, lærar og rektor diskutere og finne ut kva som er best for deira elevar. Illustrasjonsfoto: Foto:

Av
DEL

LesarbrevMange lærarar meiner at skuleelevar treng mykje lekser for å gjere det bra på skulen. Det er ikkje nødvendigvis sant. Mange skular rundt om i landet har leksefrie skular. Elevane på dei skulane gjer det ikkje dårlegare enn elevane på skular med lekser. Viss ein har litt lengre skuledagar, vil det «gjere opp» for å ikkje ha lekser.

På Nyskolen i Oslo varer skuledagane frå kl. 08:30-15:00. Det kan vere ein god løysing for å unngå lekser. Mange elevar frå skular med ingen lekser trivast godt på skulen, skriv Nyskolen i eit lesarinnlegg om deira leksefrie skule. Sjølv om leksefrie skular er ei god løysing treng ein ikkje å kutte ut alle lekser, det gjeld å finne ut kva som passar for kvar skule.

I staden for å ha ein lenger skuledag, ville eg heller hatt «passelege» mengder med lekser. Kor mykje som er passeleg, må kvar enkelt klasse, lærar og rektor diskutere og finne ut kva som er best for deira elevar. Eg synest ikkje skular treng å vere leksefrie, men eg synest heller ikkje at elevar skal drukne i skulearbeid. Med å drukne i skulearbeid meiner eg at elevane har så mykje lekser at dei ikkje har tid til å vere på fritidsaktivitetar og å vere med vennar fordi dei har så mykje heimearbeid. Då blir det ofte til at ein er oppe seint på skulekveldar for å gjere ferdig leksene fordi ein vil vere med på fritidsaktivitetar og vere med venner. Ein kan vere med vennar i helgane, men det er ikkje fritidsaktivitetar å gå på i helgane.

Alle elevar treng ein pause frå skulearbeid, om det er at dei er skal på fritidsaktivitetar eller om dei skal vere heime med venner og familie. Skulen må hugse at skuleelevane har eit sosialt liv også på fritida. Å vere sosial med vennar er like viktig som å gjere leksene, meiner eg.

Viss ein ikkje har det gøy utanfor skulen med vennar får ein eit kjedeleg liv. Viss elevar har for mykje lekser, kan dei miste motivasjonen, og spesielt for dei som strevar på skulen. For elevar som strevar på skulen med anten lesing og skriving, matte eller andre fag, kan det bli veldig vanskeleg å halde motivasjonen oppe.

Eg meiner at skular ikkje treng å vere leksefrie, men at lærarar må finne ei passeleg mengde med lekser til elevane sine. Elevane kan gjerne få komme med innspel til kor mykje lekser dei synest er passeleg. Viss elevar og lærarar blir einige om kor mykje lekser som er bra for dei, får skuleelevane ein mykje betre skulekvardag.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags