Parkeringsforholda i Førde sentrum

– Det er få som skjønar behovet for fleire kjøpesenter eller andre prestisjebygg, så kvifor ikkje bygge parkeringhus i staden , og i høgda, skriv Dagunn Klakegg.  På teikninga ser vi korleis Utkik AS kan tenke seg eit parkeringsanlegg på Førde sørside.

– Det er få som skjønar behovet for fleire kjøpesenter eller andre prestisjebygg, så kvifor ikkje bygge parkeringhus i staden , og i høgda, skriv Dagunn Klakegg. På teikninga ser vi korleis Utkik AS kan tenke seg eit parkeringsanlegg på Førde sørside. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Parkeringsforholda i Førde sentrum er viktige for oss som bur her, men og for heile kommunen fordi Førde er det naturlege sentrum og møtestad for heile storkommunen. Det ligg føre i dag fleire forslag til parkeringsanlegg, der i alle fall to av dei, Førdehuset og Festplassen, bør silast bort umiddelbart.

Ser ein området Førdehuset, Festplassen og Hafstad- parken i samanheng bør dette vere ei sone som blir mest mogeleg skjerma for gjennomgangstrafikk og trafikk som ikkje vedkjem aktivitetane der.

Heldigvis ser det ut som Førdehuset fell bort av omsyn til aktivitetane i huset og kostnader.

Folk i Førde vil ha gjennomgangstrafikken utanom sentrum, det viser ein stor kommunal kampanje som bl.a. peikar på problema med ei bilbru over Jølstra ved Førdehuset. Førdepakken legg opp til trafikkauke i sentrum og vi kan ikkje godta eit parkeringsanlegg i Parken som genererer endå meir trafikk til dette området. Vi som bur her ønskjer å ta vare på dei få «grøne lungene» vi har att, og berre tanken på eit parkeringshus i Parken får folk til å tenne på alle pluggane. Ein kan og stille spørsmål både om dimensjonen og plasseringa av dei forslåtte anlegga, ingen er strategisk plassert i forhold til handel og andre gjeremål i sentrum, og kvifor eit kjempestort anlegg?

Fortettinga i Sentrum er no så stor at det ikkje er meir plass for parkering på gateplan, burde vi ikkje då vurdere å bygge parkeringshus i fleire etasjar? Nytteverdien av det ville bli mykje større enn av dei høgbygga som er under planlegging.

Det er få som skjønar behovet for fleire kjøpesenter eller andre prestisjebygg, så kvifor ikkje bygge parkeringshus i staden, og i høgda?

Det ville glede både næringslivet, dei tilreisande og alle som nyttar aktivitetane i Førde.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken