På tide det blir teke omsyn til oss naboar

TETT: I Murihagen skal 50 av bueiningane ha berre eitt eller to soverom. I tillegg skal her vere 10 hyblar. Vi på solsida i Førde bur alt tett, truleg er strekninga mellom Hundvebakke og Hornnes framleis det tettast folka området i gamle Sogn og Fjordane, skriv artikkelforfattarane..

TETT: I Murihagen skal 50 av bueiningane ha berre eitt eller to soverom. I tillegg skal her vere 10 hyblar. Vi på solsida i Førde bur alt tett, truleg er strekninga mellom Hundvebakke og Hornnes framleis det tettast folka området i gamle Sogn og Fjordane, skriv artikkelforfattarane.. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

For oss som bur her er det forstemmande at politikarane nærast er samstemte i sin positive reaksjon på planane om ein utnyttingsgrad på 210 prosent utanfor sentrum i ein småby som Førde!

Ved å meine at dette er «interessant og innbydande» (sitat frå Firda) og derfor vel å stemme for dette prosjektet, så seier dei samtidig ja til at:

• Det er greitt at bebuarane i Murihagen får dårlegare bukvalitet enn andre i Førde.

Den 26.09 2019 vedtok Førde kommune norm for uteareal. Den planlagde leikeplassen i Murihagen stettar kommunen sitt minstekrav til 25 bueiningar, men her er det planlagt 75 bueiningar og 10 hyblar! Vedtaket om uteareal seier òg at utearealet helst bør vere på bakkeplan, og at takterrassar på opne tak bør unngåast. På Murihagen er halvparten av utearealet planlagt på taket på høge blokker. Langs den mykje trafikkerte Hornnesvegen er det planlagt 10 bueiningar som òg inneheld hyblar. Desse skal få inntil 15 kvadratmeter uteareal kvar, eit uteareal som grensar til sterkt trafikkert veg med buss-stopp som kantstopp rett framfor leigheitene! Kommunen sitt krav er minst 50 kvadratmeter per bueining.

• Det er greitt at bumiljøet til dei som skal bu i Murihagen og oss som alt bur i området framleis skal vere dominert av ustabilitet og gjennomtrekk.

I Murihagen skal 50 av bueiningane ha berre eitt eller to soverom. I tillegg skal her vere 10 hyblar. Vi på solsida i Førde bur alt tett, truleg er strekninga mellom Hundvebakke og Hornnes framleis det tettast folka området i gamle Sogn og Fjordane. Bygginga frå slutten av 1960-talet og fram til vår tid har i området vårt resultert i 5 store blokker, 2 mindre blokker, fleire rekkehus og store, dominerande industrihus. Fleirtalet av desse bygningane inneheld leilegheiter som er så små at familiar på meir enn tre personar i hovudsak flyttar herifrå. Dei få einebustadane i området har plass til heile, uskilde familiar og har representert eit stabiliserande element. Desse husa har nesten alle røter tilbake til tida før utbygginga starta, og er såleis ikkje resultat av nyare reguleringsplanar. Vi trur ikkje at det vi her har opplevt i fleire tiår, at uskilde familiar flyttar ut når det andre barnet er på veg, var noko tidlegare politikarar tenkte seg. For å ha eit godt og stabilt bumiljø må her vere plass til alle slags familiar, både einslege, delte og heile. Derfor er det svært viktig at no når dette siste arealet i området vårt skal utbyggast, så må politikarane heve blikket og sjå utover Murihagen sine grenser og sjå heilskapen i området. Bumiljø er eit politisk ansvar!

• Det er greitt at bebuarane i Murihagen ikkje skal kunne ha bilar slik som resten av befolkninga, og at problem med for få parkeringsplassar vert skubba over på naboane.

Vi trur ikkje at dei som skal bu her i større grad enn andre skal klare seg med buss og sykkel. Murihagen ligg 2 km utanfor sentrum, og dei som skal bu her treng nok bil like mykje som oss andre for å komme seg på arbeid, til barnehage og skule, for å få tunge matvarer i hus og til fritids- og ferieføremål. 80 parkeringsplassar vil på ingen måte dekke behovet.

Det er ikkje mange år sidan eit planlagt prosjekt i Stranda burettslag, som ligg nærmare sentrum enn Murihagen gjer, måtte skrinleggast fordi kommunen kravde to parkeringsplassar per bueining p.g.a. lang avstand til sentrum! Vi veit at noverande planar stettar minstekravet til parkering i sentrum. Dette er oppnådd sidan det ikkje er sett krav om at hyblar og dei minste bueiningane skal ha rett til parkering. Også dei som bur her kjem til å få besøk som kjem i bilar. Kvar skal desse bilane stå? Svaret veit vi. Dei kjem til å køyre rundt å leite etter ein ledig plass og skaffe problem for alle her.


• Det er greitt å byggje blokker på opp til 6 etasjar, slik at vi naboar mister sol og utsikt, og at vi knapt lenger får ein skjerma uteplass i hagane våre. I tillegg er det grunn til å tru at dei nye blokkene med innsyn og skuggekasting vil redusere verdien av eigedommane våre.

Vi naboar synest at det no er på tide at det også vert teke omsyn til oss. Vi har i mange tiår levd med den uroa 5 hybelhus og flyktningmottak har representert. No skal det pressast inn så mange bueiningar på denne tomta at det må byggast høgt og med berre 1 m avstand til nabotomta i staden for regelen om 4 m. For å få nok uteareal vert dette plassert på taket. Med så høge blokker (opp til kote 55) vil dette gje innsyn til dei fleste hagar.

Murihagen har fått eit velklingande namn, men hage er her ikkje plass til. Eit høgt tak er framleis eit tak, sjølv om dei i prosjektet vel det meir positivt lada ordet «takmiljø». Ein blomsterkasse er framleis ein blomsterkasse, sjølv om arkitektfirmaet Tippetue så kreativt kallar det for «parsellhage». Prospektet presenterer seg med fin lyssetting og hyggelege detaljerte framstillingar der det er tenleg, og med diffuse framstillingar der det t.d. skal visast kor mykje utsikt dei ulike naboane mister.

• Det er greitt at det i nye byggeplanar ikkje trengst takast omsyn til eksisterande busetnad.

I Tippetue sine planar skriv dei at dei har valt å ikkje ta omsyn til bebyggelsen som alt er i området. Dette har vi ikkje sett er kommentert av politikarane. Vi har òg lese i Firda at dei vil ha godt forhold til naboane og lytte til dei. Då naboane uttrykte bekymring for byggehøgde i første utkast, svarte Tippetue med å behalde høgda på blokkene på opptil 6 etasjar og å heve høgda på dei 10 husa i front til 3,5 etasje. Framleis vert dei i planane omtalt som småhus, sjølv om dei no står fram som rekkehus/lågblokker tett på den trafikkerte Hornnesvegen med eit «frimerke» av eit grøntareal mellom huset og vegen. Då naboane uttrykte bekymring for auka gjennomtrekk, så vart det lagt inn 10 hyblar i planane.

• Det vert vedteke planar for ein tettbebyggelse Førde ikkje har behov for.

Laurdag 22.02 kunne vi lese i Firda at dei ulike byggeprosjekta i Førde vil resultere i 274 nye leilegheiter. Sidan folkeauken her mykje godt har stoppa opp og barnetalet no går ned, vart det stilt spørsmål ved om det er mogleg å gjennomføre desse planane. I denne bekymringa var planane for den aller største utbygginga med 75 nye leilegheiter og 10 hyblar på Bergum (=85 bueiningar) ikkje ein gong medrekna i talet! Firda har 22.05 2020 ein omtale av eit byggeprosjekt i Rusta med leilegheiter det viste seg ikkje å vere interesse for. Då det vart omgjort til tomtesal, eksploderte interessa. Det vitnar vel om at det også i Førde er behov for å kunne bu i anna enn blokker og rekkehus?

Det er nesten ikkje til å tru at det Tippetue og BOB presenterer som Murihagen er den løysinga våre fremste folkevalde ser på som den beste utbygginga for dette siste området her på nordsida. Her renn det inn med protestar (Firda 25.05 2020) frå både fylket, NVE, grannelag og naboar, men politikarane meinte det var unødvendig med synfaring før det endelege planutkastet vert sendt på høyring.

Dersom ein vel å sjå på prosjektet «Murihagen» heilt isolert, og dersom oppgåva er å bygge så mange einingar som mogeleg på dette arealet, så kan truleg oppgåva bli vurdert som godt løyst. Men som sagt så ligg Murihagen mellom blokkområda på Bergum og Haugum og rekkehusa på Stranda. Tilførsel av endå fleire småhusvære på denne strekninga er ikkje det dette området treng. Det bidreg ikkje til å betre balansen/samansettinga av bustadmassen, men tvert om sterkt å forverre den uheldige dominansen av småhusvære som alt er her. Såleis vil prosjektet heller ikkje vere eit bidrag til stabilitet der familiar på over tre medlemmer kan bu i alle livsfasar.

Vi oppmodar politikarane i Sunnfjord om å sjå heile området under eitt når det skal takast stilling i denne saka. Det bør ikkje berre vurderast isolert for Hornnesvegen 36-42, slik det er utarbeidd av Tippetue. Vi oppmodar om at det denne gongen også vert teke omsyn til oss som alt bur her og miljøet vi og våre nye naboar skal bu i.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags