På billegsal til utanlandske investorar

FRITT FRAM: Det vert fritt fram for aktørar som berre er ute etter kortsiktige gevinstar, og vi ser dette sørgelege faktumet i vindkraftutbygginga i landet, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå vindmølleparken på Smøla.

FRITT FRAM: Det vert fritt fram for aktørar som berre er ute etter kortsiktige gevinstar, og vi ser dette sørgelege faktumet i vindkraftutbygginga i landet, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå vindmølleparken på Smøla. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Vi har ikkje eit ekte demokrati i landet lengre; dei siste 10–15 åra har retninga gått meir og meir mot demokraturet og ytringsfridomen tel ikkje lengre.

Vi er mindre opptekne av sanning og dermed er vi blitt sløvare borgarar; dette fører til at meiningsfridomen vantar, eller vert ikkje teken omsyn til. Det vert såleis fritt fram for aktørar som berre er ute etter kortsiktige gevinstar, og vi ser dette sørgelege faktumet i vindkraftutbygginga i landet.

Med eitt har det skote slik fart at den vanlege mann og kvinne vert tekne på senga – og utbyggjarane gnir seg i hendene; det er vorte fritt fram for hærverk, og uerstatteleg natur vert rasert for all framtid.

Vårt vakre og dyrebare land vert seld på billegsal til utanlandske investorar. Få og styrtrike kapitalkrefter rår. Vakker fauna og verdfullt dyreliv og fugleliv forsvinn, insekt forsvinn også. Alt det viktige artsmangfaldet får vi aldri meir tilbake. Galskapen veks, inntil ein kollaps skjer, men når?

Lat ikkje eigeninteresser få rå over landet og folket. Lat oss få demokratiet attende. Lat oss verta høyrde, lat konservative idealistar få ei stemme slik at einsrettinga må snu: DU kan bli med på retretten, men du må vakna no, det hastar!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags