Overgrepsmottak

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Ein liten kommentar til leiaren i Firda torsdag 14.01.16

Overgrepsmottaket har teke imot kvinner OG menn over fylte 15, som har vore utsette for seksuelle overgrep, sidan 2012. Målet for 2016 har vore og opne opp for mottak av både seksuelle overgrep, og vald i nære relasjonar.

Dersom vi hadde fått til dette, hadde vii tillegg famna om barna som lever med vold i familien- og som direkte og indirekte er utsett for vald. Om lag alle kvinnar som lever med vald i heimen, er mødrer! Dersom vi får ei kvinne inn til oss, er vi plikta til å spørje om det er mindreårige barn i heimen. Dersom svaret er ja, har vi meldeplikt til barnevern, og i nokre tilfelle kan vi ogso sikre spor frå barna.

Ei ny velvilje til Barnehus i Førde er eit stort framsteg, men slik det ser ut no, er vi heldige om får vi ein «filial» av Barnehuset i Førde, der representantar frå Bergen reiser hit for å ta seg av avhøyr. Dette er vel og bra, men lokal fagkunnskap knytt til sporsikring står framleis att- og kompetanse og personell vil vere mangelvare, sidan disse må reise frå Bergen. I tillegg er langt dei fleste sakane akutte, og treng kyndig personell i løpet av timar. Her speler eit vel fungerande og kompetent overgrepsmottak ei stor rolle for rettstryggleiken til borna.

Borna i Sogn og Fjordane er framtidsfylkets vaksne, lat oss kjempe for deira rett til ei trygg barndom i trygge råmar!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken