– Ordninga med ungdomskort er ikkje samordna

Elevar i frå Sogn og Fjordane må ha to skysskort for å komme seg til og frå vidaregåande skule i Bergen, skriv forelder Bente Liabø Thorsen frå Fjaler.

Elevar i frå Sogn og Fjordane må ha to skysskort for å komme seg til og frå vidaregåande skule i Bergen, skriv forelder Bente Liabø Thorsen frå Fjaler. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Det er kanskje ikkje så mange ungdommar frå gamle Sogn og Fjordane som enno har nytta seg av moglegheita for å søke studieplass i gamle Hordaland fylke, men for dei som har valt dette, dukkar det opp ein del utfordringar rundt bruken av ungdomskort. Det syner seg nemleg at ordninga med ungdomskort ikkje er samordna ved skulestart i Vestland fylke, og ei samordning av kollektivtrafikken og takstsoner er ikkje planlagt å kome opp til politisk handsaming før tidlegast i mars 2021. Fram til då må ungdommar som treng å reise mellom Sogn og Fjordane og Hordaland ha to ungdomskort. Men det stoppar ikkje der …

Vi har ei dotter som i år har kome inn på vidaregåande skule i Bergen. Ho har valt ei linje som dei ikkje har i gamle Sogn og Fjordane. Alternativet var då anten Ålesund eller Bergen, og ho valde Bergen. Dersom Hordaland og Sogn og Fjordane fylke framleis hadde vore skilde ville truleg Sogn og Fjordane fylkeskommune ha måtte kjøpt studieplass i Hordaland på grunn av ungdomsretten.

Slik vi har forstått dette utløyser det rett til gratis skuleskyss. I staden kjem ho dårleg ut ved at ho no må kjøpe to ungdomskort kvar månad for å kome seg heim – eitt med Kringom og eitt med Skyss. Med ungdomskort kan ho heller ikkje tinge plass med ekspressbussen frå Bergen, og ho har no opplevd å ikkje kome med bussen heim fredag to gongar. Då er alternativet Ekspressbåten. Derimot gjeld ikkje Skyss sitt ungdomskort på ekspressbåten, så fram til Sogn og Fjordane grense må ho betale vanleg billett. I Sogn og Fjordane gjeld ungdomskort også på ekspressbåtane.

Det fortonar seg veldig rotete og uforståeleg at ikkje Vestland fylkeskommune har klart å få på plass eit samla ungdomskort, all den tid administrasjonen i Vestland var i drift før fylkessamanslåinga ved nyttår. Det minste vi hadde forventa var i alle fall at felles ungdomskort var på plass ved skulestart i august. For ein ungdom på bortebuarstipend (40.000 kr per skuleår og ca. 3.700 kr per månad) er det dyrt å betale 800 kr i månaden for ungdomskort og eventuelt også mellomlegg for båtbillett for å kome seg heim i helgane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags