Ordførarløn i Sunnfjord

0rdføraren i Sunnfjord kommune, Høgres Olve Grotle, er den femte best betalte ordføraren i Noreg, skriv Steinar Lund i dette lesarinnlegget.

0rdføraren i Sunnfjord kommune, Høgres Olve Grotle, er den femte best betalte ordføraren i Noreg, skriv Steinar Lund i dette lesarinnlegget. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Frå leiarartikkel i BT 14.10.2020:

«Ordførarløna i Sunnfjord er nesten høgast i landet. Politikarane må vise måtehald med skattebetalaranes pengar. Alarmen bør gå i Sunnfjord.

0rdføraren i Sunnfjord kommune, Høgres Olve Grotle, er den femte best betalte ordføraren i Noreg. 1,27 millionar kronar får han for å styre kommunen som er slått saman av Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Det viser eit nytt oversyn i Kommunal Rapport. Med 22.000 innbyggarar er Sunnfjord landets 56. største kommune i folketal, men er nesten inne på pallen i ordførarløn. Til kommunal rapport forklarer Grotle det med at kommunen er ny. «Ved behandling av godtgjørelsene i fellesnemnda i fjor blei det lagt vekt på at det ville krevje stor ekstrainnsats frå ordførar og resten av det politiske miljøet. Samtidig var man opptatt av at det skulle vere attraktivt å vere lokalpolitikar i den nye kommunen», seier han til avisa. Argumentasjonen kling ikkje særleg godt. Nye Øygarden har nesten 40.000 innbyggarar, Alver har cirka 30.000 og Bjørnafjorden har 25.000. Alle er nyleg samanslåtte av fleire tidlegare kommunar, men greier seg med ei ordførarløn under millionen. Blir ein verkeleg betre til å slå saman kommunar av å ha 1.270.000 kroner i årsløn enn av å ha 988.000? Det er viktig å gjere det attraktivt med lokalpolitikk. Men i Sunnfjord har til og med varaordførar Jenny Følling (Sp) snart millionløn: Med 945.000 kroner er ho ein av dei best betalte varaordførarane i landet, og det er for å styre ein mellomstor kommune.»

Litt av den same bodskapen går fram av ein artikkel i Sogn Avis 21.10.2020. Til svara frå Grotle er det rimeleg å tilføye følgande: Ifølge ein artikkel i Firda 17.09.2019 vart reglane for kor mykje politikarane skal få betalt vedtatt av fellesnemnda i november i 2018. Forslaget frå prosjektgruppa med Åsmund Berthelsen som leiar, 40 % stilling til varaordførar, vart avvist av fellesnemnda. Mellom anna var fleire senterpartistar og høgrefolk sterkt kritiske til nivået, som derfor vart redusert. Etter valet har det ifølge fleire artiklar vore forhandla om stillingsprosent på 75-100%, men ikkje i prosjektgruppa, det rette organet. Ifølge artikkel i Firda 17.09.2019 meiner Berthelsen at stillingsprosenten burde ha vore drøfta på nytt i prosjektgruppa, og ikkje brukt som forhandlingskort. Så Grotle har rett i at godtgjersla vart vedtatt i fellesnemnda i 2018. Men ifølge artiklane i BT og Sogn Avis fortalde han ikkje at vedtaket den gongen var på 30 % godtgjersle for varaordføraren. Han fortalde heller ikkje at dette vart auka til 945.000 under forhandlingane om ordførarvervet etter valet utanfor prosjektgruppa/fellesnemnda.

Ifølge https://www.ssb.no/statbank/table/12521/tableViewLayout1/ er 96 – persentil årsløn på ca. ein million. Det betyr vel at 96 % av befolkninga har mindre enn ca. ein million i årsløn, og at denne kategorien hadde gått opp i løn dersom dei hadde fått ordførarløn på ein million. Dei 4 % med høgast inntekt i utgangspunktet hadde gått ned i løn. Dersom desse 4 prosentane ikkje kan leve med lønsreduksjon og 1 million i årsinntekt, så har dei kanskje ikkje heilt den rette innstillinga som ordførar. Dersom løn på 1,27 million er den einaste motivasjonen, og 1 million er for lite, kan folket truleg klare seg heilt greitt utan kandidatar i denne kategorien. Det er sannsynlegvis meir enn nok svært motiverte og godt kvalifiserte kandidatar blant dei 96 prosentane som har løn under ein million i utgangspunktet. I denne kategorien er det nok mange som vil finne ein million svært attraktivt.

Eg avrundar med siste del av artikkelen i BT: «Ein slik lønspolitikk er også milevis unna den kommunen kan føre for sine tilsette. Om løn skulle vere einaste. måte å gjere det «attraktivt» å jobbe i barnehage, skule eller i eldreomsorg på, ville Sunnfjord vore konkurs for lengst. Bergen kommune har meir enn ti gongar så mange innbyggarar som Sunnfjord. Her har ordførar Marte Mjøs Persen (Ap) og byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) 1,05 million i årleg godtgjersle kvar, viser oversynet frå Kommunal Rapport. Blir ein verkeleg betre til å slå saman kommunar av å ha 1.270.000 kroner i årsløn enn av å ha 988.000? dette er to toppleiarar i ein av landets største offentlege instansar, og dei har likevel ei heilt moderat årsløn. Dette er eit døme Sunnfjord og andre godt kan lære av. Den politiske leiinga i Bergen fortener honnør. Til sjuande og sist er dette skattebetalaranes pengar. Lokalpolitikarane har eit tungt ansvar for å vise at dei kan forvalte desse pengane med måtehald og respekt.»



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken